Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Lokal handel gir lokal utvikling
Personar som spring på løpebane. Foto.
LOKAL STØTTE: Lokale idrettslag er heilt avhengige av støtte frå det lokale næringslivet, seier idrettsleiarane.

Lokal handel gir lokal utvikling

19. juni 2015

– Lokale verksemder som støttar lag, organisasjonar og dugnadslivet, er direkte vitamininnsprøyting til bygdene. Utan lokale sponsorpartnarar hadde vi ikkje hatt det idretts- og kulturtilbodet vi har i bygdene i dag, seier Else Lundestad Bakkelid som er styrerepresentant og aktiv utøvar i Gloppen Friidrettslag.

14.-16. august skal Breimsbygda i Nordfjord arrangere Junior NM i friidrett. Det lokale idrettslaga har fått med seg heile bygda på ein stor dugnad for å gjennomføre arrangementet.

– Vi er heldige som har mange som har dugnadsånda i seg, det hadde ikkje vore mykje liv i bygdene  om ein ikkje hadde hatt eldsjelene. Når det er sagt må vi hugse at ein like viktig del av det er sponsorar. Det er ikkje alt som løyser seg berre ved hjelp av dugnad.

Alle lag og organisasjonar er fullstendig avhengige av økonomiske midlar for å halde oppe det nivået som trengst og som medlemmene ventar, seier Else Lundestad Bakkelid i eit bilag til avisa Firda.

Ei bygd som blomstrar

Kristen Helge Kleppe, leiar i Breimsbygda idrettslag, deler Lundestad Bakkelid sine synspunkt.

– Eg håpar at folk forstår kor viktig næringslivet er for bygdene og at folk er bevisste når det gjeld å handle lokalt. Om ein aldri handlar med den lokale sportsbutikken, kan ein ikkje rekne med at den vil vere der i framtida. Ikkje berre mistar ein butikken, men kanskje også ein katalysator i bygda.

Eg ser på dette som ein symbiose. Næringslivet er avhengige av kundar og arbeidstakarar, og bygda treng eit engasjert og nært næringsliv for å blomstre, seier Kleppe.

Støtt lokalsamfunnet

– Eg skulle ønskje at folk hadde ei litt meir bevisst haldning til dette med å velje lokalt. Det skal ikkje vere forbode å handle varer i Bergen eller på nettet, men ein kan tenkje seg om før ein gjer det.

Det kostar ingenting å vurdere den lokale butikken før ein gjer eit kjøp på nettet. Eg vil oppmode folk om å velje aktørar som bidreg i samfunnet der ein bur, seier Kleppe.

LES MEIR:  Merkur inviterer til ny kampanje for lokal handel på nærbutikken laurdag 31.oktober 2015

Det er ikkje berre pengane i kassaapparatet til butikkane han tenkjer på, men og dei ringverknadane som næringslivet gir.

– Handlar du lokalt, støttar du i tillegg opp om lokale arbeidsplassar, du støttar ei verksemd som truleg gir sponsormidlar i lokalmiljøet ditt og du støttar ei verksemd som betalar sine skattar til kommune- og fylkeskassa, seier Kleppe.