Slik får du utbetalt støtte

Merkur-programmet  ›  Søk støtte  ›  Slik får du utbetalt støtte

Slik får du utbetalt støtte

For å få utbetalt støtte frå Merkur, må du rapportere på prosjektet ditt. Du rapporterer og ber om utbetaling i ein og same prosess. Her ser du korleis du går fram.

Førebuing

Rapportering og oppmoding om utbetaling skjer via nettsida regionalforvaltning.no. Før du går dit, er det det lurt å samle alle dokumenta du treng i ei mappe på datamaskina. Dersom du har fakturaer, kvitteringar eller andre dokument på papir, må du scanne desse og legge dei i samme mappe. Gi dokumenta dine enkle filnavn som er lette å kjenne att, som til dømes “kvittering frys”, “attestert prosjektrekneskap” eller liknande

Ver ute i god tid

Frist for rapportering finn du på siste side i tilsagnsbrevet. 60 dagar før fristen går ut, får du ei påminning på e-post frå oss. Dersom du ser at du ikkje rekk fristen, kan du sende ein e-post til din sakshandsamar og be om utsetjing.

Desse dokumenta treng du

√  Tilsagnsbrev med søknadsnummer og opplysningar om utbetalingsfrist

√  Alle faktura og kvitteringar for utgifter i prosjektet

√  Prosjektrekneskap: ei oppstilling av nettokostnadar (fakturabeløp eks. mva)

√  Attestasjon (godkjenning) av rekneskap, gjeld både ved sluttutbetaling og delutbetaling. Det er ulike krav alt etter kor stort beløp du har fått tilsagn om

  • Investeringstilskot 200 – 600.000.- kr: Revisorstadfesting etter ISRS4400
  • Tilskot 50 – 200.000.- kr: Stadfesting frå autorisert rekneskapsførar
  • Tilskot under 50.000.- kr: Eigenerklæring frå dagleg leiar eller Merkur-konsulent

Dersom du har fått utviklingsstøtte: Rapport om tiltak ved utviklingsstøtte signert av din Merkur-konsulent

Dersom du har organisert dugnad: Signert timeliste for dugnadsinnsats

Innsending av rapport og utbetalingsoppmoding

  • Gå til regionalforvaltning.no og logg inn med samme brukarnamn og passord du brukte då du søkte om støtte.
  • Klikk på fana [Tilsagn] på toppen av sida
  • Finn tilsegnet ditt og klikk på [Utbetaling]
  • Klikk på [Ny anmodning om utbetaling] og velg [Delutbetaling] eller [Sluttutbetaling]
  • Fyll ut alle felt i skjema for utbetalingsanmodning
  • Last opp alle vedlegg/dokument – pass på at alle kjem med
  • Klikk på [Lagre og avslutt]

Du er no klar til å sende inn utbetalingsoppmoding

  • Finn tilsegnet ditt [Utbetalingsanmodning] og klikk [Send inn]
  • Huk av [Bekreft innsendelse av anmodning] i blått felt
  • Klikk på [Send inn anmodning]

Du har no bedt om å få utbetalt støtta. I fana Prosjektutbetalingar vil du no få bekrefta innsending av skjema. Her vil det stå “Innsendt xx.xx.2020”.

Treng du meir rettleiing?

Regelverk for skatt og støtte

Investeringsstøtte er skattefri for butikkar som er lokalisert i ein typisk distriktskommune. Servicestøtte og utviklingsstøtte er skattepliktig.