Statleg program

Merkur-programmet  ›  Om oss  ›  Statleg program

Statleg program for butikkutvikling

Merkur er Kommunal- og distriktsdepartementets program for å utvikle og styrke små butikkar i Distrikts-Norge. Programmet er ein del av Distriktssenteret.

Formålet med Merkur-programmet er å sikre innbyggarane i distrikta tilgang til ein nærliggande daglegvarebutikk med god kvalitet.

Programmet arbeider for at nærbutikkane skal få tilleggstenester som aukar omsetninga, sikrar vidare drift og gir innbyggarane i lokalsamfunnet betre tenester.

Mange av Merkur-butikkane fungerer i dag bygda sitt servicesenter, med post, tipping, apotekvarer, lokal mat, kommunal informasjon, drivstoff og mange andre tenester. Slike tilleggstenester gir butikken fleire bein å stå på, samstundes som både fastbuande og tilreisande får eit betre tenestetilbod.

Kjernen i Merkur-programmet er å utvikle kompetansen til kjøpmenn ved å tilby kunnskap, nettverk og verktøy for å få betre lønsemd i butikken. Kompetanseprogrammet Merkur utvikling blir gjennomført av dei regionale Merkur-konsulentane. Det handlar om å finne nye kjelder til inntekt og utvikle butikken i eit samspel med kommunen og bygda.

Dei fleste små butikkar i distrikta har utfordringar med økonomien. Merkur forvaltar fem støtteordningar på vegne av Kommunal- og distriktsdepartementet. Tilskotsordningane gjer det mogleg for butikkdrivarar å modernisere og utvikle marginale daglegvarebutikkar, slik at butikkane blir meir attraktive for kundane, meir konkurransedyktige og meir berekraftige.

Merkur har 10 godkjente konsulentar fordelt utover heile Norge. Merkur-konsulentane er bedriftsrådgjevarar med lang erfaring som aktive medspelarar for bygdene og butikkdrivarane.

Merkur har eit eige program for utvikling av distriktsbokhandlar – Merkur bok.

Stortinget har i 2022 gitt ei ramme på 61 mill. kr til til kompetanseprogrammet og tilskotsordningane i Merkur-programmet.

Merkur-programmet vart etablert i 1995, som ei vidareføring av tidlegare støtteordningar for daglegvarebutikkar i utkantstrøk.

Jobbar du i kommunen?

Fleire kommunar brukar nærbutikken for å tilby betre tenester og styrke lokal samfunnsutvikling. Distriktssenteret har samla mykje kunnskap om dette.