Fakta om Merkur-butikkane

Merkur-programmet  ›  Om oss  ›  Fakta om Merkur-butikkane

Fakta om Merkurs nærbutikkar

Over 60 prosent av alle daglegvarebutikkar i Distrikts-Norge deltar i Merkur-programmet. Den gjennomsnittlege Merkur-butikken har ei årsomsetning på 9,0 mill. kr og ein avstand på 17 km til nærmaste konkurrent.

Institutt for Bransjeanalyser(IBA) har levert fleire rapporter som gir fakta om drift og økonomi av nærbutikkar. IBA definerer daglegvarebutikkane i Distrikts-Norge på denne måten:

«Distriktsbutikk» er ein daglegvarebutikk med heilårsdrift og fullverdig varesortiment som er einaste eller siste daglegvarebutikk i ei bygd eller eit avgrensa geografisk område. Det er også eit krav at butikken ligg i god avstand frå større byar.

«Merkur-butikk» er ein distriktsbutikk som har tilknyting til Merkur-programmet. Det vil seie at kjøpmannen eller butikken har vore med på Merkurs kompetanseprogram eller har aktiv dialog med ein Merkur-konsulent med tanke på deltaking i programmet. Mange av butikkane har også fått økonomisk støtte til investeringar gjennom Merkur.

Butikkbygg ved fjorden. Foto.
DISTRIKTS-NORGE: Korsfjord Handel ved Altafjorden er ein typisk Merkur-butikk.

578 Merkur-butikkar

Pr. 1.1. 2023 var det registrert 578 Merkur-butikkar. Nord-Norge har flest distriktsbutikkar og Merkur-butikkar. Av dei gamle fylka er det Nordland og Hordaland har flest Merkur-butikkar.

Talet på Merkur-butikkar har vore ganske stabilt det siste tiåret. Nokre av dei aller minste butikkane har blitt nedlagt. Men det har også blitt etablert heilt nye butikkar eller sett i gang ny drift i kjølvatnet av ei nedlegging.

9,5 mill. kr i omsetnad

Merkur-butikkane hadde i 2019 ei gjennomsnittleg omsetning på 9,5 mill. kr, inkludert moms. Distriktsbutikkar som ikkje deltek i Merkur, hadde ei gjennomsnittleg omsetning på 19,5 mill. kr. Til samanlikning ligg gjennomsnittleg omsetning for alle landets daglegvarebutikkar på 39 mill. kr.

Lokalisering av Merkur-butikkar

Svært få Merkur-butikkar er lokalisert i tettbygde strøk

44%
Områder med spreidd busetnad
35%
Mindre bygdesenter
18%
Turiststader/hytteområder
3%
Kommunesenter

Distriktsbutikkane som står utanfor Merkur, er for det meste lokalisert til kommunesenter eller bygdesenter. Desse butikkane har dobbelt så stor gjennomsnittsomsetnad som Merkur-butikkane.

Merkur-butikkane er siste butikk i sitt lokalsamfunn. Avstanden til neste butikk er gjennomsnittleg 16,8 km. Ein fjerdedel av butikkane har over 20 km avstand til næraste konkurrent. 16 pst av butikkane ligg slik til at kundane må ta båt eller ferje for å nå fram til alternativ butikk.

Bra kunde-lojalitet

Dei fleste Merkur-butikkane er knytt til ei av nærbutikk-kjedene. Dei viktigaste kjedene er Joker (Norges-gruppen), Nærbutikken (Norges-gruppen), Coop Marked (Coop), Matkroken (Coop) og Snarkjøp. Nokre av dei aller minste butikkane er uprofilerte. Det vil seie at dei får varer levert frå ei av kjedene, utan å marknadsføre seg som kjede-butikk.

Merkur-butikkane har ein gjennomsnittleg marknad på 256 innbyggjarar. Til samanlikning har distriktsbutikkane som ikkje deltar i Merkur, ein marknad på 656 innbyggjarar.

Merkur-butikkane har ein marknadsdel på 78 prosent. Distriktsbutikkar utanom Merkur har ein marknadsdel på 68 prosent. Det betyr at små Merkur-butikkane har meir lojale kundar enn distriktsbutikkar i større bygdesenter. Butikkar på øyar og butikkar med meir enn 20 km avstand til nærmaste konkurrent, har ein marknadsdel på 94 prosent.

Aukande omsetnad

Omsetnaden for Merkur-butikkane auka med 27 prosent for perioden 2008-19. Til samanlikning fekk alle landets daglegvarebutikkar ein vekst på 46 prosent for den same perioden. Merkur-butikkane har dei fleste åra greidd å oppnå betre eller tilnærma same vekst som større bygdebutikkar utanfor Merkur.

– Tatt i betraktning av at gjennomsnittstorleiken for Merkur-butikkane er den langt lågaste og at det er låg folketalsvekst i distrikts-Norge, gir dette eit bilete av at desse butikkane mot alle odds har makta å oppretthalde ein god omsetningsvekst, seier forskingsleiar Per Gunnar Rasmussen i IBA.

Mange av dei minste butikkane slit med dårleg lønsemd. Kvar tredje Merkur-butikk fekk nedgang i omsetninga i 2018. Halvparten av alle Merkur-butikkar med under 5 mill. kr i omsetning, fekk redusert omsetning i 2018 samanlikna med året før. Dei minste butikkane er heilt avhengig av ulike slags tilleggsinntekter for å kunne overleve.

Dei fleste Merkur-butikkane fekk ein kraftig vekst i omsetninga i pandemiåra 2020-21, som følgje av ulike slags tiltak for å redusere smittetrykket. 2022 har vore eit svært krevjande år for butikkar i Sør-Norge som har slite med ekstraordinært høge straumutgifter.

Kvinnelege leiarar

6 av 10 Merkur-butikkar har ei kvinne som dagleg leiar. Gjennomsnittsalder for dagleg leiar er 50 år.

Merkur-butikkane tilbyr gjennomsnittleg 3-4 tilleggstenester, utover sal av daglegvarer. Det mest vanlege er tippe-tenester, utlevering av apotekvarer, sal av drivstoff og post i butikk.

Kjelder

Analyse av Merkur-butikkenes omsetning 2019, Institutt for bransjeanalyser AS, august 2020
Bygdebutikkenes økonomi 2018, Institutt for bransjeanalyser AS, september 2020
Fakta og vurderinger rundt butikkene i Merkur-programmet, Institutt for bransjeanalyser AS, september 2014