Få avtale med kommunen

Merkur-programmet  ›  For bokhandel  ›  Få avtale med kommunen

Få avtale med kommunen

Handlar kommunen bøker eller kontormateriell på den lokale bokhandelen? Det kan bety mykje for butikken dersom du kan få ein formell innkjøpsavtale med kommunen din.

Kommunale innkjøp er viktig for mange distriktsbutikkar. Kommunen kan stå for 5-10 prosent av omsetninga i ein bokhandel, dersom kommunen handlar fagbøker, gåver og kontorrekvisita lokalt.

Nokre bokhandlar får framleis selje skulebøker til kommunen, men det er lite å tene på slike bøker fordi prisane har blitt svært låge.

Fleire stader får ikkje kommunalt tilsette lov til å handle på den lokale bokhandelen, fordi kommunen har gjennomført ein anbodsprosess og fått leveringsavtale med ein stor grossist.

Kommunen viser gjerne til at dei må følgje Lov om offentlige anskaffelser og ikkje har anledning til å gjennomføre innkjøp i strid med lova. Men kommunen kan handle lokalt dersom dei ønskjer det. Kommunen kan leggje opp til anbodskonkurransar på ein slik måte at mindre og lokale bedrifter kan delta på like vilkår.

3 gode tips

Dersom bokhandelen din skal få levere varer til kommunehuset, må kommunen ha ein innkjøpspolitikk som legg til rette for lokale innkjøp.

Mange mindre kommunar deltar i innkjøpssamarbeid saman med andre kommunar. Resultatet blir gjerne  store innkjøp som i praksis favoriserer store leverandørar frå næraste by, som kan levere til stort geografisk område.

Men det er fullt mogleg å handle lokalt sjølv om kommunen deltar i eit innkjøpssamarbeid. Fleire kommunar har lagt om innkjøpspolitikken og lagt til rette for at bokhandel og andre små lokale verksemder får moglegheit til å levere varer og tenester til eiga kommune.

Her er 3 tips til kva du kan gjere som bokhandlar:

1. Få møte med kommunen

Du kan ikkje sitje passivt og vente på at kommunen skal kome og handle hos deg. Ta initiativ til eit møte med kommunen for å informere om kva du kan tilby. Presenter bokhandelens tilbod på ein positiv måte.

Få fram kva rolle den lokale bokhandelen spelar i lokalsamfunnet, som kulturell møtestad og som formidlar av lokal litteratur.

Få oversikt over kva og kor mykje kommunen handlar for kvart år.  Hald fokus på fagbøker, suppleringsvarer og rekvisita. Ikkje start dialogen med spørsmål om skulebøker.

Be om få oversikt over kva slags innkjøpsavtalar som kommunen er bunden opp av. Avtal at du skal bli informert når kommunen skal legge innkjøp som kan vere aktuelle for bokhandelen, ut på anbod.

2. Ver god på sal

Svar ja når kommunen spør om noko du kan levere. Du må vere god på sal og service dersom du skal kommunen som kunde.

Innkjøpsavtale med kommunen kan gi ekstra sal, utover det som er avtalt.

3. Bruk Merkur-konsulenten som døropnar

Be Merkur-konsulenten i din region om å organisere møte på kommunehuset.

Ordføraren er den du bør ha kontakt med på kommunehuset. Dei fleste ordførarar er opptatt av korleis det lokale næringslivet utviklar seg. Bokhandelen er ein viktig del av næringslivet i ditt lokalsamfunn. Mange kommunar har også ein næringssjef, som det kan vere nyttig å ha kontakt med.

Merkur-konsulenten kan søkje om støtte frå Merkurs omstillings-ordning slik at han kan hjelpe deg til å få kommunen som kunde.