Det kan vere god lokal samfunnsutvikling å handle lokalt. «Lov om offentlige anskaffelser» gir kommunen stort handlingsrom til å legge opp anbodskonkurransar slik at lokale bedrifter får høve til å delta. Fleire kommunar har gode erfaringar med å utnytte dette handlingsrommet og til dømes gjere innkjøp til skule og barnehage frå nærbutikkar.
Offentlege innkjøp er svært viktig for mange små og mellomstore bedrifter. 900 norske lokalsamfunn har berre ein daglegvarebutikk. Nærbutikken er ein nøkkelinstitusjon i desse samfunna. Butikken er ikkje berre bygdas einaste formidlar av varer og tenester. Den er også ein viktig møteplass og eit nav i lokalsamfunnet.
Kommunen kan støtte opp om lokale butikkar ved å handle lokalt. Sal av daglegvarer til skule, barnehage, SFO eller omsorgsbustader kan utgjere mellom 5 og 10 prosent av årsomsetninga for ein nærbutikk. Derfor kan det bli dramatisk for ein marginal nærbutikk dersom omsetninga blir redusert med 200.-400.000 kr fordi kommunen legg om innkjøpspolitikken. Resultatet kan i verste fall bli at butikken må stenge dørene, med dei negative konsekvensar det får for lokalsamfunnet.
Eksempel Suldal
Suldal kommune i Rogaland er opptatt av å utvikle det lokale næringslivet. Då kommunen skulle kjøpe inn daglegvarer til skular og barnehagar, la kommunen opp til ei prosedyre for anbod som gjorde det muleg for små nærbutikkar å delta i konkurransen. Kommunen vart delt opp i fem konkurranseområde, tilpassa skulekrinsane. Leverandørar som vil delta i konkurransen, kunne velje om de ville levere tilbod på eitt eller fleire geografiske område.
Tilboda som kom inn frå butikkane, vart vurdert på bakgrunn av pris, service og miljø, der prisen talde 40 prosent, service og lokal tilknyting 50 prosent og miljø 10 prosent. Kommunen valde å leggje vekt på nærleik til butikken, fordi det er viktig ved sporadiske og akutte behov.
– Det betyr mykje for barnehagane at lokalbutikken har utkøyring av mat på morgonkvisten og lokalbutikken kan svinge innom med ekstra varer ved behov. Ekstra service, som oppkutting av brød, tel også positivt. Lokalbutikkane har også vore positive til å ta inn varer som vi ønskjer, seier økonomirådgjevar Ronny Mehus Rugland i Suldal kommune.
Kva seier lovverket?
Mange lokalpolitikarar vil gjerne handle lokalt, fordi dei ser at lokal handel held oppe og utviklar lokalt næringsliv. Men dei er usikre på kva lovverket tillet og er derfor redde for å gå ut av eit interkommunalt innkjøpssamarbeid.
«Lov om offentlige anskaffelser» forbyr alle former for diskriminering. Kommunen kan ikkje favorisere lokale bedrifter i ein anbodskonkurranse. Men kommunen har eit stort handlingsrom når det gjeld å leggje opp anbodskonkurransar slik at lokale bedrifter får høve til å delta. Det viktigaste i lova er krav om konkurranse, likebehandling, objektive kriterium for val av leverandør og eit gjennomskinleg anbodssystem
Det er ulike innkjøpsreglar avhengig av kor stor innkjøp kommunen skal gjennomføre:
Under 100.000 kr:
Unntatt frå lova. Kommunen har lov til å inngå kontrakt direkte med ein lokal leverandør når kjøpet har ein total verdi på under 100 000 kroner eks. mva.
100.000 – 1,3 mill. kr:
Forenkla praktisering av lova. Kommunen kan velje anten open eller avgrensa anbodskonkurranse. I ein avgrensa konkurranse kan kommunen hente inn pris frå minst tre leverandørar som dei sjølv peikar ut utan offentleg utlysing. Kommunen bestemmer kriterium for val av leverandør og følgjer elles vanlege anbodsprosedyrar. Leveransen blir tildelt til den leverandøren som best tilfredsstiller tildelingskriteria.
Over 1,3 mill. kr:
Omfattande krav til anbodsprosess. Innkjøp på kunngjerast på innkjøpsportalen Doffin.
Innkjøpssamarbeid
Mange norske kommunar deltar i eit eller fleire innkjøpssamarbeid. Det er forståeleg at kommunane ønsker å samarbeide for å styrkje kompetansen og spare pengar. Samtidig vil store innkjøp ofte favorisere store leverandørar som kan levere til eit stort geografisk område. Resultatet kan bli nedbygging av lokalt næringsliv. Då er innkjøpspolitikken i direkte konflikt med kommunens rolle som samfunnsutviklar
Distriktskommunar må tenke nøye gjennom fordelar og ulemper ved omfattande innkjøpssamarbeid og sjå på korleis slikt samarbeid kan ta lokal omsyn. Er det formålstenleg for kommunen å ha sentrale innkjøpsavtalar for «bagatellmessige innkjøp», for eksempel daglegvarer til barnehagar, skuler og institusjonar i grendesamfunn? Kanskje anbodskonkurransar kan delast opp i fleire konkurranseområde? Det er fullt muleg å ta lokale omsyn sjølv om kommunen samarbeider med andre kommunar om ein felles innkjøpspolitikk.
Kommunens handlingsrom
Kommunane har eit handlingsrom som inneber at dei kan leggje til rette for at lokale aktørar kan konkurrere om offentlege innkjøp, samstundes som kommunen følgjer lovverket. Fleire kommunar har gode erfaringar med å utnytte dette handlingsrommet.
Kommunen kan leggje til rette for lokal handel på fleire måtar:
- Dele opp store anbod, for eksempel i mindre leveringsområde.
- Oppfordre større leverandørar til å bruke lokale underleverandørar.
- Vektlegge andre vurderingskriterium enn pris, for eksempel service og miljø.
- Kommunen kan lyse ut anbod sjølv, utan å delta i innkjøpssamarbeid.
- Kommunar som deltar i innkjøpssamarbeid, kan gjere unntak for mindre innkjøp, til dømes daglegvarer til grendaskular.
- Kommunen kan gi ein skule eller barnehage eige budsjett og la dei sjølv få lov til å bestille.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet har gjort det klart at det er ei av oppgåvene til Merkur-programmet å opplyse kommunane om det handlingsrommet dei har. Departementet har også sett opp ei liste på 9 punkt over tiltak som kommunane kan gjere for å legge til rett for lokal konkurranse.