Hopp til innhaldet
MERKUR

Handle lokalt-kampanjen

Bli med på den nasjonale kampanjen for lokal handel som Merkur-programmet gjennomfører kvart år, under slagordet “Handle lokalt”.
Posters, flyers, and banners for a "Shop Local" campaign, featuring illustrations of a town, photos of families, and Norwegian text.

Bli med - få gratis kampanjemateriell

Handle lokalt-dagen er i midten av oktober, men det er opp til butikken å avgjere når det passar best å gjennomføre den lokalt.

Merkur-butikkar får materiell tilsendt gratis. Vi tilbyr plakatar og klistremerke (bokmerke til bokhandlane).

Fristen for å melde seg på og få fysisk materiell er 1. oktober.

Du kan også laste ned digitalt materiell, til bruk på sosiale media og for utskrift.

Lokal handel - levande lokalsamfunn

Målet er å redusere handels-lekkasjen og stimulere til meir lokal handel. Kampanjen viser kor viktig butikken er både som møteplass, servicesenter og salsstad for daglegvarer.

Gjennom denne kampanjen kan du både takke trufaste kundar for at dei sluttar opp om butikken – og utfordre dei som handlar lite lokalt, til å tenkje over kva butikken betyr for bygda eller småbyen. Lokal handel er ei investering i eit levande lokalsamfunn. I 2026 er Handle lokalt-dagen 17. oktober.

Gode grunnar til å handle lokalt

Den lokale butikken er ikkje berre ein stad å handle. Den tek vare på folk og er ei drivkraft for gode lokalsamfunn. Kvifor skal vi handle lokalt?
A graphic with a geometric red heart and the Norwegian text "Handle lokalt!" (Shop local!) surrounded by line drawings of community life, including shops, families, and farming, with Distriktssenteret and Merkur logos.

Lokalt samarbeid

Dei fleste butikkane markererer dagen ved å spandere kaffi, brus, is og kaker på kundane. Nokre butikkar går ut med spesielle tilbod. Andre nyttar anledninga til å invitere ordførar eller lokalavisa på besøk.

Merkur-programmet oppfordrar butikkane til å samarbeide med lokale lag og organisasjonar for å få til ei god markering av dagen. Nokre stader stiller bygdekvinnelag, ungdomslag, grendalag eller andre organisasjonar opp på butikken for å markere kor viktig butikken er for lokalsamfunnet. Fleire stader blir det lagt opp til underhaldning, quiz, konkurransar eller andre aktivitetar, i tillegg til servering.

Merkur-programmet jobbar for å utvikle daglegvarebutikkar i distrikta slik at dei kan gi eit best mogleg tilbod til kundane sine. Men det er like viktig at folk som bur på bygda, brukar lokalbutikken sin i størst mogleg grad. Slik kan kundane halde oppe levande lokalsamfunn, som kan vere attraktive både for dei som bur der i dag og dei som vurderer å etablere seg der.