Handle lokalt bok

Merkur-programmet  ›  For bokhandel  ›  Handle lokalt bok

Kampanje for lokal bokhandel

Bli med på den nasjonale kampanjen for lokal handel som Merkur-programmet gjennomfører kvart år, under slagordet “Handle lokalt”. I 2024 blir Handle lokalt-dagen 12. oktober, men det er opp til butikken å avgjere når det passar best å gjennomføre den lokalt.

FORFATTERMØTE: Bruk bokdagen til å skape oppmerksomhet om den lokale bokhandelen.

Kampanjen fokuserer på kor viktig bokhandelen som kulturformidlar og som salsstad for bøker. Målet er å redusere handels-lekkasjen og stimulere til meir lokal handel.

Gjennom denne kampanjen kan du både takke trufaste kundar for at dei sluttar opp om bokhandelen – og utfordre dei som handlar lite lokalt, til å tenkje over kva bokhandelen betyr for bygda eller småbyen. Lokal handel er ei investering i eit levande lokalsamfunn. Materiellet er i stor grad det same som det nærbutikkane brukar i same kampanjen.

Bokhandlane markerer lokalhandel-dagen på ulike måtar. Merkur-programmet oppfordrar til samarbeid med lokale lag og organisasjonar, for å få til ei god markering av dagen.

Bli med - få gratis kampanjemateriell

Butikkar som deltar, får materiell tilsendt gratis. Merkur tilbyr plakatar og bokmerke, både på nynorsk og bokmål. Påmeldinga startar i siste del av august og materiellet vert sendt ut fortløpande. Du kan også laste ned digitalt materiell, til bruk på sosiale media.

Gode grunnar for å handle lokalt
Den lokale butikken er ikkje berre ein stad å handle. Den tek vare på folk og er ei drivkraft for gode lokalsamfunn. Kvifor skal vi handle lokalt?

Merkur-programmet jobbar for å utvikle bokhandlar i distrikta slik at dei kan gi eit best mogleg tilbod til kundane sine. Men det er like viktig at folk som bur i bygdesenteret eller småbyen, brukar bokhandelen sin i størst mogleg grad. Slik kan kundane halde oppe levande lokalsamfunn, som kan vere attraktive både for dei som bur der i dag og dei som vurderer å etablere seg der.