Omstilling

Merkur-programmet  ›  For nærbutikk  ›  Omstilling
Omstillingsordninga

Hjelp til butikkar i krise

Merkur-konsulenten kan gi verdifull hjelp når butikken står i fare eller har store problem med å få til lønnsam drift.

Person snakkar til forsamling utanfor butikklokale. Foto.
NY BUTIKK: Stamnes-bygda i Hordaland fekk hjelp av Merkur til å få på plass ein ny butikk, då den gamle butikken vart nedlagt.

Når den gamle kjøpmannen må gi seg og ingen står klar til å ta over, kan Merkur-konsulenten gi ei hjelpande hand for å sikre det servicetilbodet som nærbutikken representerer.

Mange norske bygder ville ha vore utan butikktilbod i dag dersom ikkje Merkur hadde engasjert seg for å mobilisere lokalsamfunnet og leite etter nye løysingar for vidare drift.  Merkur-konsulentane har verdifull kompetanse på drive bygdeutviklings-prosessar, kombinert med kunnskap om butikkdrift og tilleggsfunksjonar.

Nedlegging av ein butikk fører ofte til ei bygdemobilisering. Når butikken er borte, oppdagar bygda kor viktig butikken var både som lett tilgjengeleg handlestad, som servicesenter og som møteplass. I fleire bygder har det blitt etablert folkebutikkar ved at bygda går saman for samle inn pengar og etablere sin eigen butikk.

Kvart år blir det lagt ned rundt 20 nærbutikkar i Distrikts-Norge. Men mange av butikkane startar opp igjen, med hjelp og støtte frå Merkur-programmet.

Slik fungerer omstillingsordninga

  • Omstillingsordninga er eit tilbod om profesjonell hjelp i krevande situasjonar, som butikknedlegging eller konkurs, generasjonsskifte, eigarskifte eller nyetablering.
  • Ordninga blir også brukt i situasjonar der kjøpmannen treng oppfølging av bedriftsrådgjevar for å møte utfordringar knytt til salssvikt eller forverra konkurransesituasjon.
  • Ordninga kan også brukast til å arbeide med å etablere formelt samarbeid mellom kommune og butikkar, til dømes i form av ein serviceavtale.

Treng du hjelp til omstilling?

Kjøpmenn eller bygdelag som har behov for hjelp, kan ta kontakt med den regionale Merkur-konsulenten.