Midt-Norge
Joker Hongsand, Roan, Sør-Trøndelag
Bygdebutikken har blitt ein moderne landhandel som skaffar alt det som bygda treng. Butikken har deltatt aktivt i Merkur-prosjektet «Butikken som sosial arena».
Sørvestlandet
Nærbutikken Nesflaten, Suldal, Rogaland
Butikken er heilt avgjerande for ei levande bygd, seier bygdefolket i Suldal som fekk butikken tilbake etter nedlegging. Butikken samarbeider med reiselivet og lokalmat-produsent.
Nord-Norge
Joker Sjursnes, Tromsø, Troms
Skulen og butikken er gjensidig avhengig av kvarandre. Utan desse to institusjonane blir det ikkje mykje liv igjen på bygda. Kjøpmannen legg vekt på aktivitetar som samlar bygda.