Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Avisa, ordføraren og 6 liter vaffelrøre på besøk
Mange menneske rundt bord i et lokale. Foto.
Matkroken Meisingset hadde fullt hus under Handle lokalt-dagen i fjor. Blir din butikk med i år? Foto: Jeanne Hoseth Rosvold

Avisa, ordføraren og 6 liter vaffelrøre på besøk

9. september 2022

På Handle lokalt-dagen er det lettare å få storfint besøk i butikken. Det fekk butikksjef Jeanne Hoseth Rosvold i Matkroken på Meisingset erfare i fjor haust. Ikkje berre var butikken full av kundar, men ordføraren kom på besøk og lokalavisa hadde storoppslag om butikken.

Smilande jente på ei handlevogn i ein daglegvarebutikkVêret var ikkje det beste, men det hindra ikkje stor aktivitet. Bygdekvinnelaget stilte med seks liter vaffelrøre for å brødfø kundane. Her var det ansiktsmåling, hesteskyss og lokale musikarar som stilte opp for å skape stemning og aktivitet.

– Her er det fleire folk enn sist vi opptredde på hotellet, fortalde musikarane til Aura Avis .

Ordførar Ingrid Waagen heldt tale og sa at nærbutikken er like viktig for bygda som skulen og barnehagen. Samstundes inviterte ho seg sjølv til å ha kontortid på butikken med jamne mellomrom for å ha god kontakt med innbyggjarane.

For Matkroken på Meisingset er Handle lokalt-dagen eit årvisst arrangement, og dei bruker materiellet dei fekk frå Merkur-programmet til å marknadsføre dagen.

Av: Dan-Erik Aggvin