Alle som søkjer om investeringsstøtte frå Merkur-programmet, må svare på om dei har fått såkalla «bagatellmessig støtte» frå det offentlege. I søknad om støtte frå Merkur-programmet må du føre opp den bagatellmessige støtta.
Støtte frå Merkur-programmet blir gitt i form av bagatellmessig støtte til tenester av allmenøkonomisk betydning, jamfør forskrift om unntak frå notifikasjonsplikt for offentleg støtte § 3. Distriktssenteret kan be om informasjon frå søkjar som er naudsynt for å avklare om støtta er i tråd med den indre marknaden.
Det er viktig å vere merksam på at verksemder i same konsern normalt blir rekna som ein støttemottakar etter reglane om bagatellstøtte. Grensa på 750 000 Euro gjeld pr. støttemottakar. Dersom butikken er organisert i fleire selskap med hovudeining og fleire undereiningar (t.d. eigedomsselskap, driftsselskap og drivstoffselskap), er det summen av desse tilskota som blir vurdert.
Mange typar støtte
Regelverket for «bagatellmessig støtte» omfattar både investeringsstøtte til butikk, servicestøtte eller investeringsstøtte til drivstoffanlegg. Men regelverket gjeld og fylkeskommunal støtte, kommunal støtte gjennom næringsfond og eventuelle andre former for økonomisk støtte frå det offentlege.
På toppen av dette kjem differensiert arbeidsgjevaravgift, for 21 kommunar i sone 1a. Dersom du bur i ein av desse kommunane, vil redusert arbeidsgjevaravgift bli rekna som ei form for offentleg støtte.
Dette gjeld kommunane Gausdal, Sigdal, Iveland, Sirdal, Hægebostad, Lyngdal (gamle Audnedal), Kvam, Bømlo, Etne, Sunnfjord (gamle Førde), Sogndal (utan gamle Balestrand, Leikanger), Kinn (gamle Flora), Gjemnes, Hustadvika (gamle Eide), Aukra, Haram, Frosta, Midtre Gauldal, Selbu, Kvitsøy og Utsira.
Sjå skatteetaten sine sider for utfyllande informasjon om differensiert arbeidsgjevaravgift.