Årleg kampanje for lokal handel

«HANDLE LOKALT»: Her er materiellet som vart brukt ved nærbutikk-kampanjen i 2016.

Merkur-programmet gjennomfører nasjonale kampanjar for lokal handel, under slagordet "Handle lokalt - velg nærbutikken". Laurdag 21.oktober blir dato for årets kampanje. I 2016 deltok 375 distriktsbutikkar over heile landet i denne kampanjen.

Kampanjen fokuserer på kor viktig butikken er både som møteplass, servicesenter og salsstad for daglegvarer. Målet er å redusere handels-lekkasjen og stimulere til meir lokal handel.

DELTA I KAMPANJEN: Eg vil vere med på Handle lokalt-kampanjen

- Når du handlar lokalt, er du med på å oppretthalde nærbutikken og eit levande lokalsamfunn. Gjennom slike kampanjar ønskjer å takke trufaste kundar for at dei sluttar opp om lokalbutikken. Samtidig vil vi utfordre dei som handlar lite lokalt, til å tenkje over kva butikken betyr for bygda, seier kommunikasjonsrådgivar Per Kjetil Jørgensen i Merkur.

Aukande oppslutnad

Interessa for lokalhandel-kampanjen har vore stigande dei siste åra.  I 2013 var det 160 butikkar som deltok i kampanjen, som då hadde slagordet «Hugs å handle heime». I 2014 vart slagordet endra, slik at det skulle bli enda tydelegare kva som er formålet med kampanjen. Det vart også utvikla nytt materiell. I 2016 deltok 375 butikkar, mot 275 i 2015.

Dei fleste butikkane markerere dagen ved å spandere kaffi, brus, is og kaker på kundane. Nokre butikkar går ut med spesielle tilbod. Andre nyttar anledninga til å invitere ordførar eller lokalavisa på besøk. Alle som kjem innom lokalbutikken i dagane før aksjonsdagen, har fått utdelt ein flyer med takk for at dei handlar i sitt eige lokalsamfunn. Samtidig får dei ein invitasjon til aksjonsdagen.

LES: Derfor bør du handle lolkalt

På kampanjedagen er det god stemning og god handel på alle butikkane. Fleire stader stilte bygdekvinnelag, bygdeungdomslag, grendalag eller andre organisasjonar opp på butikken for å støtte og skape blæst om nærbutikken. Fleire stader var det ekstra tilbod, underhaldning, quiz, konkurransar eller andre aktivitetar, i tillegg til servering av kaffi og kaker.

Viktig kampanje

Butikkane som deltar i slike kampanjar, får materiell tilsendt gratis. Det gjeld plakatar, flyers, klistremerke og ballongar. Det er trykt opp materiell både på nynorsk og bokmål, slik at alle får plakat og flyer på si målform.  

- Merkur jobbar for å utvikle daglegvarebutikkar i distrikta slik at dei kan gi eit best mogleg tilbod til kundane sine. Men det er like viktig at folk som bur på bygda, brukar lokalbutikken sin i størst mogleg grad. På den måten kan vi halde opp levande lokalsamfunn, som kan vere attraktive både for dei som bur der i dag og dei som vurderer å etablere seg der, seier kampanjeleiar Per Kjetil Jørgensen i Merkur.

Oppdatert 10.3.2017


LES MEIR:

"10 gode grunnar for å handle lokalt"  Dei viktigaste argumenta for lokal handel (Nynorsk)  PDF

"10 gode grunner for å handle lokalt"  De viktigste argumentene for lokal handel(Bokmål)  PDF

"Hvorfor velge nærbutikken?"  Innlegg av Inge Ryan, styreleiar i Merkur

"- Bruk nærbutikken din!"  Oppfordring frå kommunalminister Jan Tore Sanner

"Festdag for nærbutikken"  240 butikkar markerte Handle lokalt-dagen i 2014

"Kommunane sviktar lokal handel" Utspel frå dagleg leiar Helge Schei i Merkur
 

Vil du gjennomføre ein ekstra Handle lokalt-kampanje i di bygd ?

Send direkte påmelding til Merkur gjennom skjema på nettsida:
Her kan du sende inn påmelding.

Vil du laste ned filer og printe ut ditt eige materiell?

Alt materiell er tilgjengeleg for nedlasting. Du kan velje språkform og filformat.
Her er aktuelle filer, som pdf, word eller jpg

Har du spørsmål om kampanjen?

Ta kontakt med din konsulent eller Merkurs kommunikasjonsrådgivar.