Hopp til innhaldet
MERKUR

Slik lastar du ned Handle lokalt-materiell

Du kan laste ned digitalt materiell til Handle lokalt-dagen. Her er ei kort rettleiing i korleis du gjer det.
A media library interface displaying a grid of document and image thumbnails, with a "DIPLOM" certificate previewed on the right.

Du finn lenka “Last ned materiell” fleire stader der Handle lokalt-kampanjen er omtalt. Når du klikkar på den, kjem du til Distriktssenteret sin mediebank, der du kan laste ned materiellet.

Her ligg det fleire filer som du kan laste ned. Dette er diplomar, plakatar, flyers og kampanjebilete du kan bruke på nettside og i sosiale media eller skrive ut. Marker boksen (nedst til høgre for kvart bilete) for dei filene som du vil laste ned. Deretter trykker du “last ned”, nedst til høgre på sida. Merk at du kan laste ned materiell på bokmål eller nynorsk. Det kan dukke opp nytt materiell i løpet av hausten, så sjekk gjerne på nytt seinare.

Vel “last ned original”. Det vil kome opp ein boks som du må fylle ut. Her skal du leggje inn informasjon om kva for butikk materiellet gjeld for og kva føremålet er.

A Norwegian download configuration dialog box titled "Kontroller nedlasting," displaying input fields and checkboxes for content types like social media and advertisements.

Du treng ikkje fylle ut alle felta.

  • Ansvarleg: namn på butikken
  • Prosjekt: Handle lokalt 2025
  • Øvrig informasjon: her kan du leggje inn informasjon/ tilbakemelding til Distriktssenteret
  • Bruk: marker dei boksane som er aktuelt for bruk.

Når du er ferdig med å fylle ut boksen trykker du på “laste ned”. Filene som er merka vil då bli lasta ned på di datamaskin. Du finn dei att under nedlastingar på di datamaskin som pdf eller biletfil, og du kan skrive ut materiellet. Pressemateriell blir lasta ned som word-fil, som du må redigere og tilpasse din butikk før du sender den til lokalavisa.