Gode grunnar til å handle lokalt


Beredskap
Når vegen blir stengt eller skade, sjukdom eller alder gjer at du ikkje kjem deg så langt, er det trygt å ha butikken i nærleiken. Butikken fungerer også som bygda sitt beredskapslager og ein stad der folk kan få informasjon og hjelp. Å ha butikken nær, gjer lokalsamfunnet tryggare og mindre sårbart.
Berekraft
Når du handlar lokalt, støttar du lokale arbeidsplassar og bidrar til berekraftig utvikling. Du slepp å køyra lange turar, noko som er bra for miljøet. Varene vert køyrt kortare for å kome fram. Pengane du brukar blir i lokalsamfunnet og styrkar økonomien i kommunen din.


Møteplass
Nærbutikken er ofte eit sosialt samlingspunkt. Mange butikkar har ein kaffikrok der folk kan treffast og slå av ein prat. I mange bygder er dette den einaste møteplassen som er open for alle, noko som gjer den veldig viktig for fellesskapet.
Omsorg
I nærbutikken har ein personleg kontakt med innbyggarane. Det gir tryggleik, spesielt for dei som treng litt ekstra hjelp, og kan bidra til at fleire kan bu heime lengre. Butikken samarbeider ofte med lokale lag og organisasjonar, kommunen og andre næringsdrivande for å støtte andre tilbod som gjer lokalsamfunnet godt å bu i.


Blilyst
Butikken er ofte den første staden nye innbyggarar og turistar får informasjon om bygda. Der får dei tips om lokale tenester, aktivitetar og attraksjonar. Med eit godt vertskap og tilgjengelege tenester blir bygda meir attraktiv for både fastbuande og besøkande, noko som aukar sjansen for at folk vil bli buande.
Folkehelse
Nærbutikken er ein viktig sosial arena som bidreg til tryggleik og tilhøyrsle. Den kan tilby tenester som utkøyring av varer, kafé, ungdomsklubb, treningssenter og kommunale tenester. Dette gjer at butikken er ein stad som tek vare på innbyggarane og bidreg til eit betre liv for mange.
