Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Opplysnings-skilt gjer butikken meir synleg
Skilt utanfor butikk. Foto.
INFORMATIVT: Coop Røldal er ein av mange butikkar som har satsa på opplysningskilt. Det store skiltet kan informere om opptil ni forskjellige tenester.

Opplysnings-skilt gjer butikken meir synleg

6. mai 2013

Merkur-programmet har fått utarbeidd eit stort opplysningsskilt som opplyser om kva for tenester som finst i butikken. – Vi får gode tilbakemeldingar frå dei butikkane som har fått desse skilta, seier Tor Håland i Embla reklame.

Fleire distriktsbutikkar har sett opp dei spesiallaga skilta som informerer nye kundar om kva for tenester eller tilleggsfunksjonar butikken tilbyr. Det kan vere alt frå post og tipping til kaffikrok og fiskekort.

Skreddarsydd

Opplysningsskilta blir skreddarsydd for kvar butikk, slik at kjøpmannen sjølv kan bestemme kva for tilbod eller tenester han vil informere om. Skiltet har plass til opptil ni forskjellige tenester eller aktiviteter. Kjeden sin logo kan også vere med, på toppen av skiltet. Butikkskilta vart utvikla for flere år sedan gjennom eit samarbeid mellom Merkur-programmet og Embla reklamebyrå i Haugesund.

– Dei som har fått opp slike skilt, fortell at dei merker positive forandringa. Kundene spør etter dei tjenestene som skiltet opplyser om, seier Tor Håland i Embla
reklame.

Godkjent skilt

Skiltet er 3,5 meter høgt og 1,5 meter breitt. Det er utarbeidd i samarbeid med kjeder og vegstyresmakter. Det skal ikkje vere naudsynt å spørje vegstyresmakter eller kommune om løyve til oppsetting. Men det er viktig at plasseringa er slik at skiltet ikkje skaper trafikkfarlege situasjonar. Reklamebyrået som leverer skilta, kan gi råd om plassering.

– Dette er ikkje reklameskilt, men opplysningsskilt. Hovudregelen er at skiltet skal plasserast ved butikken, ikkje ved hovudvegen, seier Tor Håland.

Opplysningssskilta kostar 7.-13.000 kr, ekslusiv moms. Det er mogleg å søkje Merkur-programmet om støtte til skilt, innafor det regelverket som gjeld for investeringsstøtte.

Her er meir informasjon om opplysningsskilta