Utviklingsstøtte til nærbutikkar

Dei minste butikkane som deltek i Merkur-programmet,  kan søkje om utviklingsstøtte til mobiliseringstiltak, kompetansetiltak, tilrettelegging for tilleggsfunksjonar og andre utviklingstiltak som ikkje har karakter av reine investeringar eller aktivitetar..

Alle distriktsbutikkar kan søkje om støtte til investeringar, dersom butikken ligg innafor regelverket som gjeld for denne ordninga. Dei minste butikkane kan i tillegg søkje om utviklingsstøtte.

Utviklingstilskotet skal hjelpe butikkane til å byggje opp større kompetanse, mobilisere bygdefolket til lokal handel og leggje til rette for tilleggsaktivitetar. Kvar butikk kan få opptil 50.000 kr pr. år.

Denne støtteordninga vart tidlegare kalla utviklings- og aktivitetsstøtte. Men frå og med 2017 blir det ikkje gitt støtte til reine aktivitetar. Samtidig er lagt inn ei grense på 25.000 kr, slik at søknader på beløp under denne summen ikkje blir handsama.

For 2017 er det også innført ei heilt ny støtteordning for dei aller minste butikkane, støtte til kommersiell service. Butikkar med daglegvare-omsetning på under 3,0 millionar kr og 20 km avstand til neste butikk, vil kunne få 100.000 kr i driftsstøtte som betaling for den service dei gir til lokalsamfunnet. Butikkar som oppfyller vilkåra for service-støtte, vil ikkje samtidig kunne få utviklingsstøtte.

Støtteordningane gjeld berre for Merkur-butikkar. Det er utarbeidd eit regelverk for utviklingsstøtte med klare vilkår når det gjeld kundegrunnlag, omsetning og avstand til næraste butikk. Mellom anna må butikken liggje åleine på ei øy eller ha minst 20 km avstand til nærmaste alternative butikk, og ha under kr. 7 mill. i daglegvareomsetning.

For 2017 er det sett av til saman 28 millionar kr til ulike støtteordningar for distriktsbutikkar. Maksimal støtte til utviklingstiltak er 50.000 kr pr. år. Skjema for søknader om utviklingsstøtte er lagt ut på nettportalen www.regionalforvaltning.no. .

Det er ikkje søknadsfrist for denne støtteordninga, søknader kan sendast heile året. Men prosjekta det blir søkt om støtte til, kan ikkje vere gjennomførte før søknaden er behandla. Du kan normalt rekne med ei behandlingstid på tre veker etter innsending av fullstendig søknad.

Merkur får mange ufullstendige søknader, som ikkje kan behandlast. Dette skaper ekstraarbeid både for søkjaren og for Merkurs administrasjon. Vi vil derfor oppmode om at du sjekkar grundig at alle opplysningar er lagt inn og alle vedlegg er lagt ved, før søknaden blir sendt inn.

Det er eit vilkår for utviklingsstøtte at det blir utarbeidd ein plan for tiltak som butikken ønskjer å gjennomføre, inkludert kostnadsoverslag, mål for ønska effekt og inntektspotensiale.

LES MEIR: Last ned standardvilkår for utviklingsstøtte 2017 (PDF)

SØK HER: Her loggar du deg inn for å fylle ut søknadsskjema

Tips:
Registrer deg som ny søkjar i feltet til venstre, eller logg inn dersom du er registrert som søkjar frå før.
Ved første gangs registrering skal du bruke feltet «Registrer organisasjon».
 

TRENG DU HJELP TIL Å FYLLE UT SØKNADSSKJEMAET?

Nettstaden Regionalforvaltning har omfattande brukarstøtte der du kan få svar på alle spørsmål:

Slik registrerer du butikken som brukar av søknadssystemet
Slik opprettar du ein søknad til Merkur

Det er også laga fire korte videoar som viser korleis du skal gå fram for å registrere deg som søkjar, fylle ut søknadsskjema og be om utbetaling:

Video for opplæring av søkjarar

Er det noko du lurer på? Ta kontakt med din lokale Merkur-konsulent!