- Butikken må vere einaste daglegvarebutikk i ei bygd eller i eit avgrensa geografisk område.
- Butikken må ligge i god avstand frå større byar.
- Butikken må vere ein fullverdig daglegvarebutikk.
Butikken bør i tillegg oppfylle minst eitt av punkta under:
- Ha ein nærmarknad på under 200 husstandar.
- Vere lokalisert på ein stad utan fast vegsamband eller lang avstand, normalt 10 km, til næraste alternative innkjøpsstad.
- Ha lokalisering i samsvar med kommunens ønskje om å oppretthalde eller tilrettelegge for eit framtidig godt utbygd tilbod av daglegvarer og andre servicetenester.
- Vere valt etter spesiell vurdering som er godkjent av Merkur-konsulent og Distriktssenteret.
Meir enn 1000 kjøpmenn fordelt på ca. 800 distriktsbutikkar har gjennomført Merkurs utviklingsprogram.