Investeringsstøtte til nærbutikkar

Butikkar som deltek i Merkur-programmet kan søkje om investeringsstøtte til fornying eller utbygging av butikken. Tilskotsordninga skal medverke til at daglegvarebutikkar i marginale marknader kan moderniserast og utviklast til å bli meir konkurransedyktige.

Mange nærbutikkar i distrikta har så svak økonomi at dei ikkje har råd til å utvikle butikken utan litt støtte frå storsamfunnet. Samtidig har butikken ein viktig funksjon som infrastruktur i distrikts-Norge. Dette er bakgrunnen for at Stortinget i 2010 etablerte ei ordning med investeringsstøtte for utkantbutikkar.

I 2013 vart denne ordninga forbetra slik at dei minste og mest utsette butikkane kan få større tilskot. Samtidig vart regelverket endra slik noko fleire butikkar kom inn under ordninga. For 2017 er det lagt inn eit krav om at minimum støttebeløp må vere på 25.000 kr.

Støtteordninga gjeld berre for Merkur-butikkar. Det er utarbeidd eit regelverk med klare vilkår når det gjeld kundegrunnlag, omsetning og avstand til næraste butikk. Investeringsstøtta skal gå til reine investeringar i butikkane, til dømes kjøle-/fryseutstyr, butikkdata, modernisering eller utviding. 

For 2017 er det sett av til saman 28 millionar kr til investeringsstøtte og utviklings- og aktivitetsstøtte for utkantbutikkar og til investeringsstøtte for å styrkje drivstofftilgangen i distrikta. Maksimal investeringsstøtte pr. butikk er 400.000 kr pr. år.

Tre vekers behandlingstid

Det er ikkje søknadsfrist for denne støtteordninga, søknader kan sendast heile året. Men prosjekta det blir søkt om støtte til, kan ikkje vere gjennomførte før søknaden er behandla. Du kan rekne med ei behandlingstid på tre veker etter innsending av fullstendig søknad. I periodar med ferieavvikling må du rekne med vesentleg lenger behandlingstid.

Søknader frå butikkar med under 10 km avstand eller med over 10 mill. kroner i omsetning, er såkalla unntakssaker. Det betyr at desse sakene krev ei grundig fagleg vurdering, som kan ta tid. Nokre av desse sakene må leggjast fram for styret for endeleg avgjerd. Det er sjeldan slike søknader blir ferdig handsama i løpet av tre veker, då det er minst to månader mellom kvart styremøte.

Er søknaden fullstendig?

Merkur får mange ufullstendige søknader. Ofte manglar uttale frå kommunen eller opplysningar om tidlegare utbetalt offentleg støtte. Andre gonger er det skrive inn feil namn eller organisasjonsnummer til butikken. Ver spesielt merksam på at epost-adressa er riktig, då all vidare kontakt skjer via epost.

Merkur vil på det sterkaste oppmode søkjarane om å sjekke grundig at søknaden er fullstendig, med korrekte opplysningar og alle vedlegg, før den blir sendt inn.

Ufullstendige søknader kan ikkje behandlast og vil bli avvist. Det betyr at søkjaren får ekstraarbeid med å lage ein heilt ny søknad. Dersom det berre er mindre endringar som skal til for at søknaden kan behandlast, kan Merkur returnere søknaden slik at du kan utføre endringane og sende søknaden inn på nytt.

Slutt på små-søknader

Når du har fått godkjent ein søknad og fått tilsegn om støtte, må du hugse å signere på at du har akseptert tilsegna. Dette er ein føresetnad for at du seinare kan be om utbetaling av pengane. Tilsegn som ikkje er akseptert innan tre veker, vil automatisk bli kansellert.

Merkur har siste åra fått mange små-søknader som krev relativt mykje arbeid å fylle ut og behandle, både for søkjaren og sekretariatet. Derfor er det for 2017 presisert at minimum støttebeløp må vere på minst 25.000 kr. Vi anbefalar at butikken jobbar langsiktig og lagar ein investeringsplan for eit heilt år, med oversikt over kva tiltak som skal gjennomførast. Dersom det skulle oppstå akutte behov for nye investeringar i løpet av året, er det enkelt å ta kontakt med sakshandsamar og be om omdisponering innafor godkjent ramme, utan å måtte fylle ut ein ny søknad.

LAST NED: Mal for investeringsplan

LES MEIR: Last ned standardvilkår for investeringsstøtte 2017 (PDF)
EKSEMPEL: Slik er søknadskjemaet for Merkur-støtte

SØK HER: Her loggar du deg inn for å fylle ut søknadsskjema

Tips:
Registrer deg som ny søkjar i feltet til venstre, eller logg inn dersom du er registrert som søkjar frå før.
Ved første gangs registrering skal du bruke feltet «Registrer organisasjon».
Dersom du skriv Merkur i søkefeltet for støtteordningar oppe til høgre, så får du opp oversikt over støtteordningane.


TRENG DU HJELP TIL Å FYLLE UT SØKNADSSKJEMAET?

Nettstaden Regionalforvaltning har omfattande brukarstøtte der du kan få svar på alle spørsmål:

Slik registrerer du butikken som brukar av søknadssystemet
Slik opprettar du ein søknad til Merkur

Det er også laga fire korte videoar som viser korleis du skal gå fram for å registrere deg som søkjar, fylle ut søknadsskjema og be om utbetaling:

Video for opplæring av søkjarar

Er det noko du lurer på? Ta kontakt med din lokale Merkur-konsulent!