Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Snart tom for ordinære støttemidlar til investeringsstøtte
Bilde for Snart tom for ordinære støttemidlar til investeringsstøtte

Snart tom for ordinære støttemidlar til investeringsstøtte

7. juni 2024

Midlane som er sett av til investeringsstøtte i 2024 er i ferd med å bli brukt opp, men det er framleis midlar att til servicestøtte.

Av støttemiddelramma på 42,89 millionar kroner som blei sett av til investeringsstøtte i 2024 er det gitt tilsegn på 39,5 millionar hittil i år. Køen på innsendte søknader er lengre enn resterande midlar vil kunne dekke. Merkur-programmet fekk heller ingen ekstra midlar tildelt gjennom revidert nasjonalbudsjett for 2024 slik at ein no snart går tom for midlar som gjeld investeringsstøtte. 

Inndregne, unytta midlar frå 2023-ramma, som var øyremerka til ENØK-tiltak, vil bli overført til 2024-ramma og nytta til søknader om støtte til ENØK-tiltak så langt dei rekk i år. Det er ikkje midlar til å prioritere andre føremål.

Servicestøtte 

Det er framleis att midlar til servicestøtte slik at butikkar som oppfyller vilkåra til denne ordninga kan søke om det.