Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Siste frist for søknad og utbetaling
Bilde for Siste frist for søknad og utbetaling

Siste frist for søknad og utbetaling

27. november 2023

Tysdag 19.desember er siste frist for søkje om støtte frå Merkur-programmet. Torsdag 14.desember er siste frist for å be om utbetaling av tilskot.

Dersom du har planar om å søkje om investeringsstøtte eller servicestøtte for 2023, må søknaden vere komplett og innsendt i regionalforvaltning.no seinast tysdag 19.desember.

Søknader som kjem inn etter dette, vil ikkje kunne behandlast før i januar. Innvilga støtte går då over 2024-ramma.

Butikkar som tidlegare har fått tilsegn om investeringsstøtte frå Merkur-programmet, må også rapportere og sende inn utbetalingsanmodning i god tid før årsskiftet.

Distriktssenteret har sett opp følgjande fristar, for å kunne gjennomføre saksbehandlinga før jul:

  • Siste frist for innsending av utbetalingsanmodningar i regionalforvaltning.no: torsdag 14.12.
  • Siste frist for utbetaling via bank: onsdag 20.12.

Alle butikkane som dette gjeld, har fått tilsendt påminning gjennom søknadsportalen regionalforvaltning.no.

Tilsegn som ikkje blir følgt opp med rapport og utbetalingsanmodning innan fristen, vil bli avslutta og midlane vil bli inndregne. Dese midlane vil så bli brukt på nytt og tildelt andre butikkar.