Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  20. november er siste frist for straumstøtte
Bilde for 20. november er siste frist for straumstøtte
RIMELEG STRAUM: Få butikkar har hatt så høg straumpris i 2023 at dei kvalifiserer til straumstøtte.

20. november er siste frist for straumstøtte

3. oktober 2023

Har du hatt store straumrekningar i haust og tilfredsstiller krava for å få straumstøtte? 20. november er siste frist for å sende inn søknad om å få støtte gjennom Merkur-programmet til dette formålet.

Straumprisane har dei siste månadene vore betydeleg lågare samanlikna med tilsvarande periode i fjor. Svært få butikkar har derfor hatt ein straumkostnad som kvalifiserer til straumstøtte gjennom Merkur programmet.

Vilkåret for å få straumstøtte gjennom Merkur-programmet er at gjennomsnittsprisen på straum har vore over 70 øre per kWh for ein eller fleire av haustmånadene, eksklusiv nettleige, påslag og avgifter.

Merkur-programmet har  har gitt avslag til  fleire søknader i haust fordi søkjarane ikkje har hugsa å trekkje frå nettleige og andre påslag når dei har sendt inn søknaden.

Den ekstraordinære straumstøtta for 2023 gjeld berre for månadane juli, august, september og oktober. Det er lagt opp til at du kan sende ein søknad for juli-august og ein søknad for september-oktober, dersom straumprisen i gjennomsnitt har vore over 70 øre per kWh  for ein eller fleire av desse månadene.

20. november er absolutt siste frist for å sende inn søknad om straumstøtte for 2023.

Eventuelt udisponerte midlar frå straumstøtte-ordninga vil bli overført til ordninga med ekstraordinær støtte til enøk-tiltak, og vil brukt som tilskot til ulike former for enøk-tiltak i Merkur-butikkane.