Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Terje har Årets butikk på Østlandet sør
Bilde for Terje har Årets butikk på Østlandet sør
VINNAR: Kjøpmann Terje Stava ved Nærbutikken Åmdals Verk har fått pris for Årets nærbutikk på Østlandet Sør. T.v. Merkur-konsulent Hallvard Christenson

Terje har Årets butikk på Østlandet sør

3. mai 2023

Nærbutikken Åmdals Verk i Tokke kommune har blitt årets nærbutikk i Østlandet sør. Kjøpmann Terje Stava har tatt grep som har løfta den nedleggingstruga butikken, slik at omsetninga har auka og bygdefolket har fått tilbod om døgnopen butikk.

Butikken på Åmdals Verk var ein av dei første bygdebutikkane i Norge som sa ja til ny teknologi, med delvis sjølvbetjening og døgnopen drift. I dag står nærbutikken fram som ein attraktiv butikk unike opningstider og eit varesortiment tilpassa kundane.

Den bygdeeigde butikken på Åmdals Verk var nedsliten og prega av sviktande omsetning då Terje Stava vart tilsett som kjøpmann.

Terje hadde god kjennskap til daglegvarebransjen og såg kva som måtte gjerast for å sikre at det framleis skulle vere ein butikk i bygda.

Spleiselag

Butikken deltok i Merkurs pilotprosjekt for utprøving av ny teknologi for sjølvbetjening og døgnopen drift og fekk økonomisk støtte frå både kommunen, kraftverket og lokale aksjeeigarar for å kunne gjennomføre dei store investeringane.

Satsinga på nye løysingar gav svært gode resultat. Første året auka talet på kundar med 61 prosent, samtidig som netto omsetning auka med 32 prosent.

Den positive utviklinga har kome som resultat av godt samarbeid mellom kjøpmannen, styret og bygda. Terje Stava har spelt ei nøkkelrolle. Han blir karakterisert som ein likande samarbeidsmann, smilande og positiv og ikkje minst ein dyktig mann når det gjeld butikkdrift.

Kvardagshelt

– Terje kan sjå ut som ein beskjeden og litt forsiktig mann i sin beste alder, men han er eigentleg ein skikkeleg tøffing og ein kvardagshelt for kundane, bygda og området rundt, blir det sagt i grunngjevinga for prisen.

Prisen for årets nærbutikk vart delt ut av det statlege Merkur-programmet for utvikling av distriktsbutikkar på ei kjøpmannssamling på Vikersund onsdag.

Prisvinnaren fekk også ei helsing frå kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik med takk for innsatsen.