Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Ørjan har Årets butikk i Hordaland
Bilde for Ørjan har Årets butikk i Hordaland
PRISVINNAR: Ørjan Namdal ved Matkroken Hjelmås (t.h.) mottok prisen for Årets nærbutikk i Hordaland. Prisen vart delt ut av Per Kjetil Jørgensen i Merkur/Distriktssenteret. Foto: Sissel Karin Hals

Ørjan har Årets butikk i Hordaland

24. april 2023

Matkroken Hjelmås i Alver har blitt årets nærbutikk i Hordaland. Kjøpmann Ørjan Namdal har i løpet av dei tre siste åra gjennomført ein vellukka snuoperasjon for den over 130 år gamle butikken.

Hjelmås Handelslag L/L, for mange også betre kjent som Matkroken Hjelmås, har halde drifta gåande sidan  1892 og er i dag eit bygdeselskap med over 100 eigarar.

Ørjan Namdal overtok som butikksjef i februar 2020 etter ein periode med turbulens og skiftande kjøpmenn. Ein månad seinare kom korona og samfunnet vart nedstengt.

Men butikksjefen mista ikkje motet av den grunn. Han sette i gang ein snuoperasjon. Etter hardt arbeid og mykje dugnadsinnsats peikar nøkkeltala no i riktig retning.

Bygdebutikken har tøff konkurranse frå dei store lågpriskjedene som ligg 9,5 km unna, men butikksjefens smittande gode humør, pågangsmot og optimisme bidrar til at butikken framstår som attraktiv og eit sosialt samlingspunkt i bygda.

Straum-aksjon

Ørjan Namdal er sterkt opptatt av berekraft og samfunnsansvar og var ein av pådrivarane til å samle underskrifter til ein straumaksjon overfor det politiske Norge i fjor haust. Aksjonen var vellukka og butikksjefen var ein av fleire som fekk eit eksklusivt møte med statssekretæren i Kommunaldepartementet om straumkrisa for distriktsbutikkar under Merkurs landskonferanse i Trondheim.

Butikksjefen er også opptatt av kompetanseheving, både for seg sjølv og medarbeidarane. Han fekk organisert eige kursopplegg for seks medarbeidarar på eigen butikk, pluss fire deltakarar frå nabobutikkar.   Namdal stilte opp kvar kveld i ungdomshuset for å rigge bord og stoler og ordne bevertning, koke pølser og sette fram brus – og kom innom for å rydde etterpå.

Populær badestrand

I fjor tok Ørjan Namdal initiativ til eit møte med ordførar i Alver kommune for å diskutere eit muleg samarbeid. Kommunen er positiv og det blir arbeidd for å få til ein samarbeidsavtale der butikken kan få godtgjersle for blant anna å tilby offentleg toalett. Dette er viktig fordi butikken har laga ei eiga badestrand med påkøyrt skjelsand.  Denne stranda har blitt ein populær utfartsstad for lokalsamfunnet.

Prisen for årets nærbutikk vart delt ut av det statlege Merkur-programmet for utvikling av distriktsbutikkar på ei kjøpmannssamling i Bergen måndag.

Prisvinnaren fekk også ei helsing frå kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik med takk for innsatsen.