Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  – Lokal handel sikrar butikk-tilbodet
BIldekollage: person i butikk, plakat med ung person med barnevogn. Foto.
HANDLE LOKALT: - Slutt opp om lokalbutikken, oppfordrar avdelingsdirektør Steinar Fredheim i Distriktssenteret.

– Lokal handel sikrar butikk-tilbodet

5. oktober 2022

Mange nærbutikkar har det tøft på grunn av høge straumprisar og dyrare daglegvarer. – Eg håper at kundane er bevisste på å handle lokalt no. Det er den beste måten å sikre eit lokalt butikk-tilbod, seier avdelingsdirektør Steinar Fredheim i Distriktssenteret.

Nærbutikkar over heile landet oppfordrar bygdefolk til å handle meir lokalt.

Laurdag 15. oktober blir det nasjonal aksjonsdag for lokal handel, i samarbeid med det statlege Merkur-programmet for distriktsbutikkar.

«Handle lokalt – velg nærbutikken» er slagordet for kampanjen, som fokuserer på kor viktig butikken er både som møteplass, servicesenter og salsstad for daglegvarer. Målet er å redusere handelslekkasje og stimulere til meir lokal handel.

Tøffe tider

Mange daglegvarebutikkar i Sør-Norge slit med rekordhøge straumprisar. Fleire kjøpmenn frykta at dei må legge ned dersom butikkane ikkje får ei eller anna form for straumstøtte.

Nærbutikkar over heile landet opplever også at kundane har fått dårlegare økonomi og blitt meir opptatt av prisane på daglegvarer. I nokre tilfelle har det ført til at butikken på bygda taper terreng til lågprisbutikkar i kommunesenter.

Takke kundane

– Når du handlar lokalt, er du med på å oppretthalde både nærbutikken og eit levande lokalsamfunn. Gjennom denne kampanjen ønskjer vi å takke kundane for at dei sluttar opp om lokalbutikken. Samtidig vil vi utfordre dei som handlar lite lokalt, til å tenkje over kva butikken betyr for bygda og kva konsekvensar det vil ha dersom butikken blir lagt ned, seier avdelingsdirektør Steinar Fredheim i Distriktssenteret som forvaltar Merkur-programmet.

Nærbutikkdagen blir markert på ulike måtar. Dei fleste butikkane tilbyr kaffi og kaker til kundane sine denne dagen. Mange legg opp til ekstra aktivitetar i butikken. Nokre butikkar går ut med spesielle tilbod. Andre nyttar anledninga til å invitere ordføraren på besøk.

Bruk lokalbutikken

– Merkur-programmet jobbar for å utvikle daglegvarebutikkar i distrikta slik at dei kan gi eit best mogleg tilbod til kundane sine. Men det er like viktig at folk som bur på bygda, brukar lokalbutikken sin i størst mogleg grad. På den måten kan vi sikre utsette butikkar og skape eit miljø rundt lokalbutikken.

Dette er bygdeutvikling gjennom butikkutvikling. Utan butikk er det vanskeleg å få til vekst og tilflytting i ei bygd, seier Steinar Fredheim.

HANDLE LOKALT-KAMPANJEN: Her kan du laste ned pressemelding og anna materiell