Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Butikken kan få støtte til enøk-tiltak
Bilde for Butikken kan få støtte til enøk-tiltak
STRAUMSTYRING: Merkur-konsulent Roy Michaelsen (t.v.) samarbeider med Rune Rosseland i Enøk Total for å få redusert straumforbruket på Merkur-butikkar. Foto: Privat

Butikken kan få støtte til enøk-tiltak

23. mai 2022

Det er mogleg å søkje om Merkur-støtte til energisparing i butikken. Det vil ikkje bli lansert ei støtteordning spesielt for enøk-tiltak, men du kan søkje om investeringsstøtte til langsiktige tiltak som kan gi reduserte straumutgifter.

Du kan også be om bistand frå Merkur-konsulenten din for å vurdere gjeldande straumavtale og sjå om det er mogleg å erstatte denne med ein avtale som reduserer kostnadene.

Rekordhøge straumprisar i Sør-Norge har gitt store ekstra kostnader for mange nærbutikkar i vinter.

Merkur-programmet har derfor kome fram til at det er fornuftig å satse på langsiktige løysingar, i form av enøk-tiltak.

Det er grunn til å tru at straumprisane vil vere høge ei god stund framover. Daglegvarebutikkane kan spare mykje pengar på å gjennomføre tiltak for å redusere straumforbruket. Dette vil vere berekraftig på lang sikt.

Pilotprosjekt

Merkur har sett i gang eit pilotprosjekt for straumsparing i elleve butikkar på Sørlandet. Butikkane får kartlagt behovet for energiøkonomisering slik at dei kan gjennomføre tiltak for å redusere utgiftene og få betre lønnsemd.

Målsettinga med dette prosjektet er å byggje opp kunnskap om energiøkonomisering som i neste omgang kan bli gjort tilgjengeleg for andre Merkur-butikkar, i andre deler av landet.

Investeringsstøtte

Merkur-butikkar som kjem inn under regelverket for investeringsstøtte, kan søkje om støtte til tiltak som reduserer straumforbruket og dermed driftskostnadene i butikken. Fornying av kjøl og frys, utskifting av lysstoffrøyr med leddlys og nattsenking av temperatur og ventilasjon er eksempel på tiltak som kan vere aktuelle.

Avdelingsdirektør Steinar Fredheim i Distriktssenteret oppfordrar alle Merkur-butikkar om å sjå nærmare på behovet for energiøkonomisering og vurdere kva for tiltak som kan være aktuelle.

– Miljø og berekraft står sentralt i Merkur sitt arbeid. Investeringar i tiltak som bidrar til meir energieffektivisering vil ha høg prioritet for tildeling av investeringstilskot, seier Steinar Fredheim.