Investeringsstøtte

Merkur-programmet  ›  Søk støtte  ›  Investeringsstøtte

Investeringsstøtte nærbutikk

Nærbutikkar som deltek i Merkur-programmet, kan søkje om investeringsstøtte. Støtta skal bidra til at butikken blir modernisert, meir lønnsam og gi innbyggjarane i lokalsamfunnet betre tenester.

Dette kan du få støtte til

Investeringsstøtta skal gå til fysiske investeringar i butikkane.

I 2023 vil Distriktssenteret og Merkur-styret prioritere tildeling av økonomisk støtte til prosjekt innanfor desse fire kategoriane:

  • energieffektiviserande tiltak
  • digitalisering og ny berekraftig teknologi
  • lønnsame og berekraftige tilleggstenester
  • omstillings- og innovasjonsprosjekt

Butikker som søkjer om støtte til investeringar som ikkje er høgt prioritert i 2023, vil kunne få mindre tilskot enn det som dei har søkt om.

Følgjande formål har låg prioritet og vil derfor få redusert støtteprosent:

  • Tilbygg, asfaltering, uteområde og mindre inventar (bestikk, golvvaskemaskin mm.)
  • Alarmsystem og panteautomat som ikkje er knytt til døgnopen butikk

Denne lista er ikkje uttømmande. Distriktssenteret vil gå gjennom og vurdere alle søknader om investeringsstøtte ut frå kva som er formålet med investeringa.

Desse butikkane kan få støtte

Du kan søkje om støtte til butikken din dersom den

  • har eit kundegrunnlag (nærmarknad) på under 200 hushald
  • har ein avstand på minst 10 kilometer til næraste alternative innkjøpsstad, eller ligg på stader utan fast vegsamband, eller er einaste daglegvarebutikk på ei øy
  • er open heile året
  • sel daglegvarer for inntil 13 millionar kroner i året. Meirverdiavgift, drivstoff, kraftfôr og gjødsel skal ikkje reknast med

Så mykje kan du få i støtte

  • Maksimalt støttebeløp er 600.000 kroner pr. år, eksklusiv meirverdiavgift.
  • Butikkar med inntil 8 mill. kroner i årsomsetning kan få inntil 75% tilskot av totalkostnad, eksklusiv meirverdiavgift, til investeringar innanfor ein av dei fire prioriterte kategoriane. Dersom butikken søkjer om støtte til eit lågare prioritert formål, kan den få inntil 50% investeringsstøtte.
  • Butikkar med inntil 13. mill. kroner i årsomsetning kan få inntil 50% tilskot av totalkostnad, eksklusiv meirverdiavgift, til investeringar innanfor ein av dei fire prioriterte kategoriane. Dersom butikken søkjer om støtte til eit lågare prioritert formål, kan den få inntil 25%prosent investeringsstøtte.
  • Søknaden må vere på minimum 25 000 kroner for å bli handsama.

Søknadsfrist og behandlingstid

Det er ikkje søknadsfrist for denne støtteordninga, og søknader kan sendast heile året. Prosjekta det blir søkt om støtte til, kan ikkje vere gjennomførte før søknaden er behandla.

Det tek 6 – 8 veker å behandle søknaden din. Det kan ta lenger tid dersom søknaden skal behandlast av styret eller det er behov for ytterlegare dokumentasjon/vurdering.

Oppdatert: 3.5.2023