Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Har du fått for mykje støtte?
Bilde for Har du fått for mykje støtte?

Har du fått for mykje støtte?

21. juni 2021

Du må betale tilbake økonomisk støtte frå Merkur, dersom butikken har fått meir støtte enn det som er lovleg. Norske bedrifter kan ikkje få meir enn 200.000 Euro (ca 2 mill. kr) frå offentlege instansar i løpet av tre år, i følge EØS-avtalen.

ØVRE GRENSE: Nokre distriktsbutikkar har fått så mykje offentleg støtte at dei nærmar seg EØS-avtalen si grense på ca 2 mill. kr for ein treårs-periode.

Alle som søkjer om investeringsstøtte frå Merkur-programmet, må svare på om dei har fått såkalla «bagatellmessig støtte» frå det offentlege. Det er mange kjøpmenn som lurer på kva det betyr .Er det snakk om bagatellar eller småpengar?

Nei, EØS-avtalen slår fast at norske bedrifter kan ta imot opptil 200.000 Euro i offentleg støtte over eit tidsrom på tre rekneskapsår. Det tilsvarar ein sum på ca 2 mill. kroner, etter dagens kurs på Euro. Dersom du skulle få meir enn dette, vil det vere i strid med EU sine reglar.

SJEKK SJØLV: Her kan du finne ut kor mykje du kan få i offentleg støtte før du kjem over grensa på 200.000 Euro, etter dagens kurs

Mange typar støtte

Regelverket for «bagatellmessig støtte» omfattar både investeringsstøtte til butikk eller drivstoffanlegg og utviklings- og aktivitetsstøtte frå Merkur. Men regelverket gjeld også fylkeskommunal støtte, kommunal støtte gjennom næringsfond og eventuelle andre former for økonomisk støtte frå det offentlege.

På toppen av dette kjem differensiert arbeidsgjevaravgift, for 28 kommunar i sone 1a. Dette gjeld kommunane Gausdal, Sigdal, Iveland, Vegårdshei, Sirdal, Hægebostad, Audnedal, Åseral, Vindafjord, Finnøy, Modalen, Kvam, Bømlo, Etne, Førde, Sogndal, Flora, Gjemnes, Eide, Aukra, Midsund, Haram, Herøy, Frosta, Leksvik, Midtre Gauldal, Rissa og Selbu. Dersom du bur i ein av desse kommunane, vil redusert arbeidsgjevaravgift bli rekna som ei form for offentleg støtte.

Dersom du til dømes driv butikk i Finnøy kommune og har ein årleg lønnskostnad i butikken på 500.000 kroner, vil du ha spart 17.500 kr (3,5 pst. av 500.000 kr) i arbeidsgjevaravgift fordi denne kommunen har nedsett avgift i forhold til sentrumskommunar. I løpet av tre år har du dermed fått 52.500 kr i «bagatellmessig støtte», slik dette blir definert av styresmaktene.

Stoppa av EØS-reglane

Nokre Merkur-butikkar som satsar på modernisering og utvikling, risikerer å kome over grensa på 200.000 Euro. Dersom du har fått 600.000 kr i investeringstilskot til butikken i to år på rad, pluss 200.000 kr i investeringstilskot det tredje året og 600.000 kr i investeringstilskot til eit nytt drivstoffanlegg, kan du i praksis ha kome over tilskotsgrensa.

Har butikken i tillegg fått servicesøtte eller Covid-19-støtte frå Merkur, fylkeskommunal støtte, kommunal støtte eller fått nedsett arbeidsgjevaravgift, må du rekne med å få krav om tilbakebetaling av støtte frå Merkur. Det kan setje butikken i ein kinkig situasjon.

Grensa på 200.000 Euro gjeld pr. butikk. Dersom butikken er organisert i fleire selskap  (t.d. eigedomsselskap, driftsselskap og drivstoffselskap), er det summen av desse tilskota som blir vurdert.

Butikkens ansvar

Alle søkjarar har plikt til å opplyse om kor mykje offentlege tilskot dei har mottatt. Derfor får du spørsmål om “bagatellmessig støtte” når du søkjer om tilskot frå Merkur. Opplysningsplikta gjeld i tre rekneskaps-år.

Dersom butikken har fått utbetalt meir støtte enn det som regelverket tillét, kan Merkur krevje at ulovleg tilskot blir betalt tilbake, med renter. Det skjer heldigvis ikkje så ofte. EØS-avtalen krev også at Merkur vidaresender alle opplysningar om støtte til EFTA sitt overvakingsorgan for EØS-avtalen (ESA), dersom ESA ber om slik informasjon.