Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Kommunen betaler for butikk-service
Mange personar i butikk. Foto.
SERVICEPLAN: Kjøpmann Margareta Andersson (t.v.) har avtale med kommunen om kva for service butikken skal gi lokalsamfunnet.

Kommunen betaler for butikk-service

11. oktober 2017

Nærbutikken i Valsjøbyen har blitt kommunalt servicepunkt. Kjøpmann Margareta Andersson får 50.000 kr årleg i betaling frå Krokom kommune for dei tenestene som butikken yter til lokalsamfunnet.

Stadig fleire svenske distriktskommunar lagar serviceavtalar med lokale butikkar. Nærbutikken forpliktar seg til å tilby visse tenester til innbyggarane og lokalt næringsliv, mot å få ei årleg godtgjersle frå kommunen.

Ei gruppe Merkur-kjøpmenn frå Trøndelag og Nordland besøkte nyleg Valsjøbua i den vesle grenda Valsjøbyen i Jämtland, rett over grensa ved Lierne. Denne butikken har no fått styrkt økonomien etter å ha få avtale med Krokom kommune om å vere kommunalt servicepunkt.

«Fantastisk»

Valsjøbua får 50.000 kr årleg frå kommunen for å tilby kaffikrok, pc/internett, varelevering, kommunal informasjon og turistinformasjon.

– Dette er fantastisk. Bortsett frå tilbod om lån av pc, så er dette tenester som butikken har tilbydd lenge. Men no får vi betaling for den servicen som vi gir, seier Margareta Andersson i det ho viser dei norske gjestene rundt i butikken.

Nærbutikken i Valsjøbyen får også statleg driftsstøtte, etter at Sverige innførte ei ordning med servicestøtte for utkantbutikkar i 2016.

– Driftsstøtta gjer det mogleg å utvikle butikken vidare. Mellom anna har eg kunne tatt utdanning som dagleg leiar, seier Margareta Andersson.

Valsjøbua_kaffikrok.jpg
MØTEPLASS: Kaffikrok med pc og gratis internett er to av punkta i Valsjø-butikken sin serviceavtale med kommunen.

Får straum-aggregat?

Den svenske butikken er organisert som folkeaksjeselskap, med 105 andelseigarar. Då butikken vart etablert i 2007, var det ingen hjelp å få frå staten. Seinare har butikken fått investeringsstøtte, i tillegg til driftsstøtte og betaling for kommunal service.

No blir det arbeidd for å etablere butikken som eit kommunalt «tryggleikspunkt», i tilfelle kriser og naturkatastrofar. Då kommunen vart råka av eit omfattande straumbrot, søkte folk til lokalbutikken for å kjøpe mat og ladde mobiltelefonane sine. Det vart ei kraftig påminning om kor viktig butikken er som samlingspunkt i krise-situasjonar.

Margareta Andersson håper at butikken kan få eit diesel-aggregat slik at dei kan levere straum både til eiga butikkdrift og til folk som har behov for mobillading når straumnettet er øydelagt.

LES MEIR: Torsby kommune kjøper service av nærbutikken