Kafé og turistar gir butikk-vekst

Butikkar som satsar på tilleggstenester som kafé og turistanlegg, får større vekst i daglegvare-omsetninga enn andre distriktsbutikkar. Dette går fram av eit forskningsarbeid om innovasjon og entreprenørskap som er gjennomført av Møreforsking.

VINNAR: Kafé-tilbod har gitt Nærbutikken Langangen i Porsgrunn fin vekst i omsetninga. T.v. kjøpmann Oddbjørn Lia i samtale med Merkur-konsulent Jon Hidle.

Forskarane Finn Ove Båtevik og Lars Julius Halvorsen har undersøkt kva som kjenneteiknar dei distriktsbutikkane som opplever auke i omsetninga.

Det viser seg at butikkar som har etablert tilleggstenester som kafé, restaurant, pub eller turistanlegg, får ein tydeleg vekst også når det gjeld sal av daglegvarer.

- Butikkar som har såkalla entreprenørielle tileggstenester, doblar sjansane for realvekst, skriv dei to forskarane i ein artikkel som blir publisert i ei ny bok om innovasjon og entreprenørskap til hausten.

Satsar på turistar

Dei to forskarane har analysert utviklinga for 344 butikkar i distrikts-Norgei perioden 2011-2013. Materialet vart samla inn i samband med Kommunal- og moderniseringsdepartementets evaluering av Merkur-programmet for utvikling av distriktsbutikkar.

Halvparten av dei undersøkte butikkane kunne glede seg over vekst i omsetninga i denne perioden. Forskarane fann ingen samanheng mellom omsetningsauke og storleik på butikken, avstand til næraste konkurrent eller økonomisk støtte.

Kjøpmenn som satsar på serverings-tilbod eller turistanlegg i tillegg til butikkdrifta, var vinnarane. Butikkar med entreprenørielle tilleggstenester hadde klart større sjanse til vekst enn andre butikkar. Men butikkar med mange tilleggstenester som post, tipping, drivstoff og liknande, kom også ut med betre utvikling enn butikkar utan så mange slike tenester.

Aktiv entreprenør-rolle

- Tilleggstenester styrkjer det økonomiske grunnlaget for overleving for disriktsbutikkane. Butikkar som har utvikla entreprenørielle tilleggstenester, blir særleg styrka, konkluderer Finn Over Båtevik og Lars Julius Halvorsen i Møreforsking.

LES RAPPORTEN:
Den entreprenørielle distriktsbutikken som nærings- og utviklingsaktør i små lokalsamfunn

Dei aller fleste butikkane i distrikts-Norge har i dag fleire tilleggstenester. Dei to forskarane meiner at kafé/pub og turistanlegg skil seg ut ved at det er snakk om å utvikle tilbod som ikkje finst innafor veggene til det tradisjonelle butikklokalet. Slike tenester er avhengig av at kjøpmannen går inn i ei aktiv entreprenør-rolle.

Små butikkar i distrikta har potensiale for å fungere som samfunnsentreprenørar, i tillegg til å levere daglegvarer.
— Møreforsking

Forskarane meiner at små butikkar i distrikta har potensiale for å fungere som samfunnsentreprenørar, i tillegg til å levere daglegvarer. Butikken kan spele ei aktiv rolle ved at kjøpmannen set i gang ny næringsverksemd i og rundt butikken, for å styrkje inntektsgrunnlaget. Men butikken kan også vere ein arena for entreprenørskap ved at butikken er bygdas viktigaste møteplass, der lokale eldsjeler møtest for å utvikle lokalsamfunnet.

Må ha motivasjon

Men det er ikkje alle butikkar som har like gode føresetnader for å satse på entreprenørskap. For det første må kjøpmannen vere motivertog ha kompetanse til å starte opp tilbod som går utover vanleg butikkdrift. For det andre er butikken gjerne avhengig av kundar frå eit større omland. Mange butikkar har kunne glede seg over vekst i hytte- og fritidsbefolkninga. 

Butikken er også avhengig av eit godt samspel med bygda. Når folk stiller på dugnad eller går inn med privat kapital for å sikre investeringar eller drift, er det uttrykk for at dette samspelet fungerer. Butikkane som har blitt analysert av forskarane, har også fått god oppfølging av Merkur når det gjeld rådgjeving og støtte til investeringar.

Utviklings-aktør

Båtevik og Halvorsen meiner det er feil om ein ser på distriktsbutikkane berre som «passive» vare- og teneste-leverandørar.

- Poenget er at slike butikkar, og sentrale aktørar knytt til desse butikkane, kan også fungere som viktige utviklingsarenaer og utviklingsaktørar i mange lokalsamfunn. Butikkar som har utvikla entreprenørielle tilleggstenester, er kanskje det beste uttrykk for dette. Dette er distriktsbutikkar med ein klar entreprenøriell profil, konkluderer Finn Ove Båtevik og Lars Julius Halvorsen i Møreforsking.

LES RAPPORTEN:
Den entreprenørielle distriktsbutikken som nærings- og utviklingsaktør i små lokalsamfunn