Merkur på studietur til Island

Merkur-programmet har denne veka gjennomført ein tre dagars studietur til Island. – Det er lurt å løfte blikket og sjå kva som skjer i eit anna land. Landsbygda på Island har mykje av dei same utfordringane som utkantane i Norge, seier styreleiar Inge Ryan i Merkur.

Lokalmat smaksprøve Ljomalind.jpg

LOKALMAT: Styremedlemene Sylvi Berg Holene (t.v.) og Gunta Venge smaker på islandske spesialitetar, saman med Merkur-konsulent Vigdis Myhre Næsseth.

Både programstyre, konsulentar og administrasjonen deltok på Islands-turen, saman med representantar frå Distriktssenteret og Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Målsettinga for turen var å møte butikkdrivarar, butikkjeder og representantar frå styresmaktene for å utveksle erfaringar med utvikling og drift av utkantbutikkar. Turen var lagt opp i samarbeid med Emil B. Karlsson, som har lang erfaring med butikkutvikling på Island.

Etter ein dag i Reykjavik drog Merkur-folket på busstur til Nordvest-Island. Dette er eit område som er prega av lange avstandar, få innbyggjarar og fråflytting. Utfordringane her kan samanliknast med situasjonen for mange små bygder langs kysten i Nord-Norge.

Vanskelege tider

Viktoria Ran Olafsdottir er dagleg leiar for Kaupfelag Steingrimsfjardar som er einaste butikk i Holmavik. Dette er ein uavhengig kooperativ butikk, som er eigd av lokalsamfunnet. Butikken slit med stor handelslekkasje og distriktet er prega av nedgangstider både for fiskeri og jordbruk. Turismen er i vekst, men for å kunne gi god service til tilreisande, har dei måtte utvide opningstidene og tilsette fleire medarbeidarar. Resultatet har blitt større kostnader og problem med å få tak i kvalifisert arbeidskraft.

Kaupfelag Steingrimsfjardar_gruppebilde Merkur.jpg

HOLMAVIK: Merkurs styre, konsulentar og administrasjon samla utanfor Kaupfelag Steingrimsfjardar på Nordvest-Island.

Butikken i Holmavik tiltrekkjer seg kundar ved å satse på kafédrift og sal av drivstoff. Butikken har også ei stor byggevare-avdeling. Vinmonopolet har eit lite utsal vegg-i-vegg med nærbutikken.

- Vi prøver å utvikle tilleggstenester som kan gi oss fleire bein å stå på. Men samtidig stiller vi oss spørsmål om ein slik butikk vil leve om 10 år, så lenge Island ikkje har nokon politikk for å halde oppe busetting og service i utkantane, sa Viktoria Ran Olafsdottir til følgje frå Merkur.

Sterk sentralisering

Merkur besøkte også Byggdastofnun på Saudakrokur, det statlege instituttet for regional utvikling på Island. Instituttet har delvis same oppgåver som Innovasjon Norge. Dei kan gi lån og støtte til distriktsutvikling og dra i gang program for lokalsamfunnsutvikling.  

Island har gjennomgått ei svært sterk sentralisering dei siste 50 åra. I dag bur to tredjedelar av folket i Reykjavik-området. Små lokalsamfunn i nord blir gradvis tappa for innbyggjarar. Instituttet reknar med at åtte prosent av lokalsamfunna er svært sårbare. Butikken er ofte siste skanse i desse bygdene.

- Problema er mykje dei same både for Norge og Island. Det er nyttig for begge land at vi kan dele erfaringar. Kanskje vi kan implementere Merkur-programmet sine verktøy i vår distriktspolitikk. Men det er først og fremst eit spørsmål om pengar, sa adm. direktør Adalsteinn Torsteinsson i  Byggdastofnun.

Adelstein Torsteinsson_Sigurdur Arnason_møte.jpg

BYGDASTOFNUN: Adm. direktør Adalsteinn Torsteinsson (t.v) og spesialrådgivar Sigurdur Arnason orienterer om islandsk distriktspolitikk.

Få inspirasjon

Fleire små daglegvarebutikkar på Vest- og Nordvest-Island fekk også besøk. Vidare var det lagt inn besøk på eit utsal for lokalmat og lokalt handverk.

Merkurs programstyre gjennomfører ein kort studietur i Norge kvart år, for å bli betre kjent med utfordringane i ulike deler av landet.  Annakvart år får også Merkur-konsulentane delta på desse turane.

- Det er nyttig for konsulentane å kome seg ut og få idear og inspirasjon. Derfor drar vi også til utlandet ein gong i blant. Slike studieturar er også ein god måte for styre og konsulentar til å blir betre kjende. Det handlar om å byggje laget, slik at Merkur kan gjere ein best mogleg jobb for bygda og lokalbutikken, seier styreleiar Inge Ryan.