Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Lang saksbehandlingstid for enkelte søknader
En dagligvarebutikk fylt med mange varer.
Det er lengre saksbehandlingstid enn vanlig for søknader om investeringsstøtte fra Merkur-programmet.

Lang saksbehandlingstid for enkelte søknader

18. juni 2025

Det siste halve året har enkelte støttesøknader hatt lengre saksbehandlingstid enn vanleg. Forseinkingane har skapt eit etterslep som gjer at det tek ei stund før vi er tilbake til normal saksbehandlingstid på inntil 6-8 veker.

Det er fleire årsaker til at saksbehandlingstida har gått opp i vår.

  • Merkur-forskrifta blei endra frå 1. januar 2025, og det har vore behov for å avklaringar rundt statsstøtteregelverket. Sjå meir om dette under.
  • Distriktssenteret har i ein periode hatt redusert saksbehandlingskapasitet. Denne er no auka.

Saksbehandling i gang

I påvente av naudsynte avklaringar, har ein del søknadar blitt liggjande lenge. Vi er i full gang med å behandle dei som har lengst liggetid, og behandlar dei fortløpande etter den datoen dei blei sendt inn. Medan vi tar unna dei som har venta lengst, vil også nye søknader kunne få lengre saksbehandlingstid enn dei 6-8 vekene vi vanlegvis lovar.

For å sikre raskast mogleg saksbehandlingstid, er det viktig at søknadane er komplette. Dersom vi må etterlyse manglande opplysningar eller vedlegg, vil det vere med på å forseinke saksbehandlinga ytterlegare.

Det kan oppstå akutte behov for nytt utstyr, til dømes i samband med havari av kjøl og frys. Då kan butikken få skriftleg løyve til å kjøpe inn nytt utstyr før søknaden om investeringsstøtte er behandla. Eit slikt igangsetjingsløyve er ikkje nokon garanti for at søknad vert innvilga. Har du eit slikt behov, kontakt Distriktssenteret.

Endringar i Merkur-forskrifta

Ei av endringane i Merkur-forskrifta var knytt til korleis Merkur-støtte skal reknast som statsstøtte. Den vert no rekna som bagatellmessig støtte til tenester av allmennøkonomisk betydning, og har ei grense på 750 000 Euro per støttemottakar. Det har innverknad på utrekning av bagatellmessig støtte til butikkar som høyrer til same konsern. Saman med ansvarlege departement har Distriktssenteret arbeidd for å finne ut korleis dette regleverket skal tolkast og få på plass naudsynte rutinar.

Har du spørsmål om søknaden din, kontakt konsulenten din eller Distriktssenteret.

Av: Steinar Fredheim