Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Aukar årets løyving med 19 mill. kroner
Bilde for Aukar årets løyving med 19 mill. kroner

Aukar årets løyving med 19 mill. kroner

23. juni 2025

Stortinget har innvilga 19 millionar kroner ekstra til Merkur-programmet i 2025. Midlane skal gå til investeringsstøtte.

I revidert nasjonalbudsjett som Stortinget vedtok 20. juni 2025, vart Merkur-programmet si løyving for 2025 auka med 19 millionar kroner.

Midlane er planlagt å styrke  investeringsstøtteordninga.

Det er også gitt ei føring om å auke årleg maksimal støtte til kvar butikk til 800 000 kroner. Merkur-forskrifta må endrast før satsen vert justert. Distriktssenteret vil orientere om forskriftsendringar når dei skjer.