Investeringsstøtte til drivstoffanlegg

Merkur-programmet  ›  Søk støtte  ›  Investeringsstøtte til drivstoffanlegg

Investeringsstøtte til drivstoffanlegg

Nærbutikkar som deltek i Merkur-programmet, kan søkje om investeringsstøtte til drivstoffanlegg. Støtta skal sikre god tilgang på drivstoff i distrikta.

Dette kan du få støtte til

Investeringsstøtta skal gå til opprusting av eksisterande drivstoffanlegg. Du kan også søkje om støtte til etablering av nytt drivstoffanlegg i tilknyting til ein daglegvarebutikk. Anlegg som ligg på stadar der avstandane til næraste drivstofftilbod er lange, blir prioritert.

Her er eksempel på kva du kan søkje om støtte til:

  • Stasjonære og mobile drivstoffanlegg
  • Nye pumper eller chipautomatar
  • Ladestasjon for elbil

Opprusting av eksisterande drivstoffanlegg knytta til ein Merkur-butikk vil bli prioritert i 2023.

Følgjande tiltak er eksempele på investeringar som er lågt prioritert og som derfor vil få redusert støtteprosent:

  • Takoverbygg og asfaltering rundt drivstoffpumper
  • Flytting av drivstoffpumper bort frå butikken

Desse butikkane kan få støtte

Du kan søkje om støtte til butikken din dersom den

  • Drivstoffanlegget er avgjerande for å sikre lokalbefolkninga tilgang på drivstoff
  • Salsvolumet er under 500 000 liter drivstoff pr år.

Anlegg som omset under 300 000 liter, blir prioriterte.

Anlegg som er eigde av oljeselskap, eller som i hovudsak forsyner eigne køyretøy, fartøy og landbruksmaskiner er ikkje omfatta av støtteordninga.

Støtteordninga gjeld først og fremst for drivstoffanlegg ved Merkur-butikkar. Andre verksemder som driv eller eig drivstoffanlegg, kan i heilt særskilde høve òg bli omfatta av ordninga. For desse verksemdene gjeld følgjande tilleggskriterium:

  • Drivstoffanlegg må ha ein avstand på minimum 20 kilometer til næraste drivstoffanlegg eller vere lokalisert til stader utan fast vegsamband eller vere einaste drivstoffanlegg på ei øy.

Så mykje kan du få i støtte

  • Maksimalt støttebeløp er 600.000 kroner pr. år, eksklusiv meirverdiavgift
  • Du kan få inntil 50% tilskot av totalkostnad, eksklusiv meirverdiavgift, til prioriterte formål
  • Du kan få inntil 25% tilskot av totalkostnad, eksklusiv meirverdiavgift, til eit lågare prioritert formål

Søknadsfrist og behandlingstid

Det er ikkje søknadsfrist for denne støtteordninga, og søknader kan sendast heile året. Prosjekta det blir søkt om støtte til kan ikkje vere gjennomførte før søknaden er behandla. Det tek 6 – 8 veker å behandle søknaden din.