Kommunalt bibliotek på nærbutikken

No kan du låne både nye og gamle bøker på nærbutikken. Butikken på Kvammen har starta med utlån av bøker, i samarbeid med det kommunale biblioteket i Askvoll.

Tre kvinnner med bøker

NYTT TILBOD: Ordførar Ole André Klausen i Askvoll opna det nye bibliotek-tilbodet. T.h. biblioteksjef Linda Strand og kjøpmann Renate Berg.

Rett før sommaren kom det på plass to bokhyller i tilknyting til Joker-butikken på Kvammen. Ordførar Ole André Klausen stod for den offisielle opninga samtidig som styret og tilsette i  Merkur-programmet var på studietur til Ytre Sunnfjord.

Basert på tillit

No kan folk i grenda låne bøker utan å måtte køyre over tre mil på dårlege vegar til det ordinære biblioteket i kommunesenteret.

Bok-utlånet er ubyråkratisk og basert på tillit. Dei som vil låne ei bok, noterer namn og dato i ei utlånsbok. Så kan du ha boka i fire veker før den må leverast tilbake til butikken.

Kommunen sørger for at bøkene i bokhylla blir skifta ut i løpet av året. Kundane skal kunne plukke med seg både heilt nye bøker og bøker som er nokre år gamle.

Dialogmøte

Det nye boktilbodet har kome til etter initiativ frå nytilsett biblioteksjef Linda Strand. Ho er opptatt av at litteraturen må kome ut til folket.

Forslaget om bok-depot på nærbutikk kom opp då Askvoll kommune inviterte Merkur og alle nærbutikkane i kommunen til dialogmøte i vår.

Askvoll er ein kystkommune med spreidd busetting. Tidlegare hadde fleire av bygdene faste besøk av bokbåten. Men etter at båttilbodet vart nedlagt, har leseinteresserte måtte oppsøke det kommunale biblioteket i Askvoll sentrum for å låne bøker. Dette er bakgrunnen for at kommunen no ønskjer å prøve ut eit meir desentralisert boktilbod.

Tett samarbeid

Merkur-konsulent Ronny Mowatt har jobba tett saman med biblioteksjefen og butikken på Kvammen for å få på plass den nye tenesta.

Askvoll kommune deltar i Merkurs pilotprosjekt «Kommunen og nærbutikken», der det blir gjort forsøk med å leggje kommunale tenester ut til nærbutikkar og etablere nært samarbeid mellom kommune, butikk og lokalsamfunn.