 
                            Her er det dialog mellom kommune og butikk
Kommune og nærbutikk har mykje å tene på eit tettare samarbeid. Askvoll kommune inviterte alle nærbutikkane til dialogmøte, der dei fekk møte ordførar, rådmann og fleire sentrale etatssjefar. – Eit konstruktivt og nyttig møte, seier Merkur-konsulent Ronny Mowatt.
Møtet på Askvoll rådhus viste at lokalbutikkane og kommunen har mange saker av felles interesse, ikkje minst når det gjeld utvikling av betre tenester for innbyggjarane i alle deler av kystkommunen.
To av butikkane i Askvoll deltar i pilotprosjektet «Kommunen og nærbutikken» der Merkur-programmet prøver ut kva slags kommunale tenester som kan leggjast til lokale butikkar. Men på dialogmøtet var alle dei fem Merkur-butikkane i kommunen invitert.
– Vi ønskte å skape ein arena der vi på fritt grunnlag kan sjå kva slags oppgåver kommunen og butikkane kan samarbeide om, seier Merkur-konsulent Ronny Mowatt.
Vil samarbeide
Her er noko av det kommunen og butikkane vart einige om å jobbe vidare med:
- 
Bibliotek i butikk: 
 Kommunen ønskjer å prøve ut ei ordning med bok-depot i ein av nærbutikkane.
- 
Infoskjerm: 
 Kommunen vurderer å prøve ut infoskjermar i alle nærbutikkar, med både nyheiter, kommunal informasjon og turistinformasjon.
- 
Serviceskyss: 
 Kommunen har gode erfaringar med serviceskyss, der eldre får organisert transport til butikken ein gong for veka for innkjøp og sosialt fellesskap.
- 
Eldreomsorg: 
 Butikkane fungerer i praksis som eit uformelt sikkerheitsnett for heimebuande eldre. Kommunen set pris på at det blir tatt kontakt med heimesjukepleie eller lege dersom det er behov for tettare oppfølging av helse- og omsorgstenesta.
- 
Offentlege innkjøp: 
 Kommunen deltar i interkommunal innkjøpsavtale. Men kommunen har valt å ta småinnkjøp ut av avtalen, slik at lokalbutikkane kan få levere til grendaskular og barnehagar.
- 
Kommuneplan: 
 Kommunen seier ingenting om nærbutikkane si rolle i gjeldande kommuneplan. Men butikkane vil få sin rettmessige plass i kommunens nye næringsplan
Erfaringane med dialogmøtet i Askvoll var så gode at det kan vere aktuelt med eit årleg kontaktmøte mellom kommunen og nærbutikkane.
På same lag
Mange distriktskommunar ser nytten av nærbutikkar og er opptatt av å spele på lag med butikkane for å utvikle lokalsamfunna. Eit tettare samarbeid mellom kommune og nærbutikk kan vere ein vinn-vinn situasjon for begge partar.
Her er tre ting kommunen kan gjere for å styrke samarbeidet med nærbutikken
- 
Inviter nærbutikkane til eit møte for å drøfte korleis kommune og butikk kan samarbeide til beste for innbyggarane. 
- 
Ta nærbutikken med i arbeidet med kommuneplan, tettstadutvikling og næringsutvikling. 
- 
Utnytt kommunens handlingsrom til å legge til rette for at lokale butikkar og andre mindre verksemder får høve til å delta i anbodskonkurransar.