Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Små bokhandlar får hjelp til utvikling
2 personar i butikk. Foto.
GLEDELEG: Astri Larsen og Monica Espedal ved Leselysthuset i Rognan gleder seg over at små bokhandlar no kan få hjelp til utviklingstiltak.  Foto: Helge Simonsen, Saltenposten

Små bokhandlar får hjelp til utvikling

21. august 2017

Små bokhandlar i distrikts-Norge kan få støtte gjennom Merkur-programmet til å styrke og utvikle drifta. Opptil 10 bokhandlar kan no få inntil 50.000 kr til å utvikle butikken som sosial og kulturell arena.

Den nye støtteordninga er eit tilbod til bokhandlar som ønskjer å utvikle bokhandelen til ein sosial og kulturell møteplass for lokalsamfunnet. Ordninga skal til dømes hjelpe bokhandlarar som ønskjer å leggje til rette for mellom anna forfattarmøte, litteraturkveldar og andre typar kulturelle arrangement i bokhandelen.

– Eg har sjølv sett kor viktig det er å oppretthalde eit godt tenestetilbod i distrikta. Både nærbutikkar og bokhandlar er med å skape levande lokalmiljø. Eg tykkjer difor det er flott at bokhandlarane i distrikta får høve til å søkje om utviklingsstøtte, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Viktig kulturberar

Merkur-programmet har erfart at det er mogleg å få til vekst og utvikling i små bokhandlar med relativt små investeringar. Merkur startar derfor no opp ei ny støtteordning for bokhandlar.

– Bokhandelen er ein viktig kulturberar i mange lokalsamfunn rundt om i Noreg. Bokhandlane kan vere meir enn ein plass ein kjøper bøker, dei kan vere gode, kulturelle møteplassar. Den nye støtteordninga skal gjere det lettare for bokhandlane å gjennomføre omstilling og styrke drift og lønsemd i verksemda, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Nye tiltak

Bokhandlar Astri Larsen ved Leselysthuset i Rognan i Nordland er glad for at bokhandlar no kan få utviklingsstøtte. Det gir både inspirasjon til vidare drift og gjer det mogleg å setje i gang med nye tiltak til beste for lokalsamfunnet.

Leselysthuset arrangerte nyleg ein utandørs sommarkonsert og vil gjerne ta på seg fleire kulturarrangement. Det er også planar om å tilby enkel servering i dei nye lokala til bokhandelen.

– Dei fleste bokhandlar på små stader driv veldig marginalt. Vi er opptatt av litteratur og litteraturformidling. Kundane våre er veldig tydelege på at dei er glade for at vi finst, seier Astri Larsen.

Einaste bokhandel

Tilbodet om utviklingsstøtte gjeld for Merkur-bokhandlar som er lokalisert i ein tettstad eller småby i distrikts-Norge. Bokhandelen må vere einaste bokhandelen i tettstaden eller handelsområdet, og den må ha ei omsetning på under 7 millionar kroner. Fristen for å søkje om støtte for 2017 er 1.oktober.

Mange distriktsbokhandlarar står ovanfor store utfordringar knytt til omstilling, mellom anna fordi dei miste skuleboksalet for nokre år sidan. Netthandel og auka sal av bøker i daglegvarebutikkar gjer at bokhandlane strevar med å halde oppe omsetnaden.

Merkur-programmet som er Kommunal- og moderniseringsdepartementet verktøy for å utvikle distriktsbutikkar, har arbeidd med utvikling av bokhandlar i Norge sidan 2008. Målet er å sikre eit godt tenestetilbod i distrikta. Om lag 50 bokhandlarar deltar i dag i nettverket Merkur Bok.

VIL DU HA STØTTE?: Her er informasjon om støtteordninga