Dette kan du få støtte til
Utviklingsstøtta skal gå til tiltak som kan utvikle bokhandelen som kulturarena og møteplass i lokalsamfunnet. Utviklingsstøtta skal også brukast til tiltak for å styrkje og utvikle drifta av butikken, mellom anna til tilrettelegging for tilleggsfunksjonar.
Her er eksempel på kva du kan søkje om støtte til:
- Mindre investeringar for å tilrettelegge for forfattarmøte og kulturopplevingar i bokhandelen
(teknisk utstyr, bokreolar på hjul, stolar mm.) - Gjennomføring av bok-arrangement
- Prosjekt som legg til rette for nye tilleggstenester
- Marknadsføringstiltak retta mot nye kundegrupper
- Andre utviklingstiltak
Generelle kostnader til marknadsføring som er ein del av den ordinære drifta kjem ikkje inn under denne ordninga.
Desse butikkane kan få støtte
Du kan søkje om støtte til butikken din dersom den
- er lokaliserte i ein tettstad i distrikta
- er den einaste bokhandelen i tettstaden eller handelsområdet
- har ei total omsetning på mindre enn 7 millionar kroner, eksklusiv meirverdiavgift
Merkur vil prioritere dei søknadane som best støttar opp om måla for ordninga.
Så mykje kan du få i støtte
- Maksimalt støttebeløp er 50.000 kroner pr. år, eksklusiv meirverdiavgift
Søknadsfrist og behandlingstid
Frist for å søke utviklingsstøtte for bokhandel blir fastsett for kvart år. Fristen for 2022 er sett til 1.november. Prosjekta det blir søkt om støtte til, kan ikkje vere gjennomførte før søknaden er behandla. Det tek 6 – 8 veker å behandle søknaden din.