Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Seks bygdebutikkar vart redda
To kvinner som står bak kassen i en dagligvarebutikk
NY DRIFT: Elisabeth Sillibakken og Birgit Andresen har overtatt den tidlegare Coop-butikken på Lesjaverk (Foto: Liberty Now)

Seks bygdebutikkar vart redda

18. november 2025

Då Coop ville legge ned seks bygdebutikkar, sette Merkur-programmet i gang med ein stor redningsaksjon. I dag er alle butikkane i full drift.

– Det har vore ein krevjande prosess. På eit tidspunkt trudde eg ikkje at vi skulle klare det. Men plutseleg losna det, seier Merkur-konsulent Vigdis Myhre Næsseth som leia omstillings-prosjektet.

Omstillingsordninga i Merkur-programmet skal hjelpe kjøpmann og bygdesamfunn til å finne nye løysingar når ein nærbutikk står i fare eller har store  problem med å få til lønsam drift.

LES: Slik kan butikken få krisehjelp

Kjøpmannen kan ta kontakt med den lokale Merkur-konsulenten, som har erfaring både med å gjennomføre omstillings-prosessar og få etablert nye butikkar, dersom ein butikk blir nedlagt.

Den vellukka redningsaksjonen som vart gjennomført i Innlandet, er den mest omfattande i Merkur-programmets historie.

Sløkte lyset

Portrettfoto av Vigdis Myhren Næsseth
– Min jobb er å vere ei støtte for kjøpmannen og andre privatpersonar som er opptatt av å sikre det servicetilbodet som nærbutikken tilbyr, seier Merkur-konsulent Vigdis Myhre Næsseth.

Det såg mørkt ut for Sel, Søre Osen, Lesjaverk, Atna, Sørskogbygda og Østby då Coop Innlandet varsla at dei ville avvikle den einaste butikken i bygda.

Merkur-konsulenten for Innlandet kom raskt på banen og fekk sett i gang eit stort omstillingsprosjekt. Gjennom tett dialog med butikksjefar, bygdene og kjedene lukkast det å få til gode utviklingsprosessar.

Heilt avgjerande

Det vart gjennomført opne folkemøte i alle bygdene. Etter kvart begynte det å kome fram forslag til nye løysingar. Både einskildpersonar og lokale bedrifter engasjerte seg.

Fleire stader gjekk bygdefolk saman om å etablere nye butikkar. På Østby vart det samla inn 800.000 kr i aksjekapital, fordelt på 146 aksjonærar. Både hytteeigarar, fastbuande og lokale bedrifter var med på spleiselaget, for å sikre eit butikktilbod i bygda.

Nærbutikkane har også fått betydeleg økonomisk støtte frå Merkur-programmet, i form av investeringsstøtte til kjøp av butikkbygg eller andre investeringar i butikken.

– Investeringsstøtte har vore heilt avgjerande for å redde desse butikkane, seier Vigdis Myhre Næsseth.

Døgnopen suksess

Dei seks butikkane har valt ulike løysingar når det gjeld kjede-tilknyting. To av butikkane profilerer seg som Matkroken, to har blitt Nærbutikken, ein har blitt Joker og ein har blitt Snarkjøp.

Butikkane på Lesjaverk, Østby og Sørskogbygda har fått suksess med døgnopen drift med delvis fjernbetjenting. Dei tre andre butikkane vurderer også å investere i teknologi som gjer det mogleg med utvida opningstider og delvis fjernbetjent drift. Alle butikkane har god og lønsam drift.

LES MEIR: Slik ble nærbutikken reddet

Her er butikkane som vart redda

Joker Sel (tid. Coop Marked Sel), Sel kommune

Bygda kjøpte butikkeigedommen, kjøpmann driv butikken.

Status 2025: I drift

Matkroken Søre Osen (tidl. Coop Marked Søre Osen)
Trysil kommune

Hytteeigar kjøpte butikkeigedommen, kjøpmann driv butikken, bygdefolk kjøpte drivstoffanlegget.

Status 2025: I drift

Nærbutikken Lesjaverk (tidl. Coop Marked Lesjaverk), Lesja kommune

Huseigar og kjøpmann etablerte nytt driftsselskap.

Status 2025: I drift

Matkroken Atna (tidl. Coop Marked Atna), Stor-Elvdal kommune

Kjøpmann kjøpte butikkeigedommen og etablerte nytt driftsselskap, drivstoffselskap vart selt til andre interessentar.

Status 2025: I drift

Snarkjøp Sørskogbygda (tidl. Coop Marked Sørskogbygda), Elverum kommune

Lokal interessent kjøpte butikkeigedommen og etablerte driftsselskap.

Status 2025: I drift

Nærbutikken Østby (tidl. Coop Marked Østby), Trysil kommune

Coop-butikken vart lagt ned i 2023  og vart reetablert som Snarkjøp-butikk eit år seinare.

Status 2025: I drift