Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Ingen søknadsfrist for bokhandel-støtte
Bilde for Ingen søknadsfrist for bokhandel-støtte
KONSERT: Bokhandleren på Tofte har fått støtte av Merkur til lydutstyr. Her er det Claudia Scott og Torstein Flakne som spelar.

Ingen søknadsfrist for bokhandel-støtte

7. mars 2023

Merkur-programmet tar bort ordninga med ein fast søknadsfrist for bokhandlar som vil søkje om utviklingsstøtte. Heretter kan du søkje om støtte når du sjølv ønskjer.

Ordninga med utviklingsstøtte til bokhandel har i fleire år hatt ein fast søknadsfrist i midten av oktober. Denne fristen har vore i utakt med normal drift i ein bokhandel, der hausten er den mest hektiske perioden.

Når søknadsfristen er tatt bort, kan du bruke våren til planlegge og søkje om støtte til aktivitetar på hausten.

Men bokhandlar som før jul fekk tilsegn om støtte for 2023, må gjennomføre tiltak, rapportere og be om utbetaling før dei kan sende inn ny søknad.

Merkur legg opp til fleire endringar i ordninga med bokhandel-støtte, for å få betre søknader og større gjennomføring av planlagde tiltak:

  • Alle søknader skal vere gjennomgått av Merkur-konsulenten, før søknaden blir sendt inn til Merkur-programmet
  • Bokhandelen kan få inntil 75 prosent støtte til planlagde tiltak. Eigendelen må vere på minst 25 prosent.

Maksimalt støttebeløp er fortsatt 50.000 kr pr. år, eksklusiv moms. Merkur-programmet har sett av 500.000 kr årleg til ordninga med bokhandel-støtte.

Merkur-programmet inviterer alle bokhandlar til webinar om endringane i bokhandel-støtta tysdag 21.mars.

Utviklingsstøtta skal gå til tiltak som kan utvikle bokhandelen som kulturarena og møteplass i lokalsamfunnet. Utviklingsstøtta kan også brukast til tiltak for å styrkje og utvikle drifta av butikken, mellom anna til tilrettelegging for tilleggsfunksjonar.

LES MEIR: Info om utviklingsstøtte til bokhandel