Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Lokalsamfunnet tener på tilleggstenester
Flere personer i kaffikroken på butikk. Foto.
MØTEPLASSEN: Butikkens kaffikrok er ein viktig møteplass for svært mange bygder.

Lokalsamfunnet tener på tilleggstenester

13. desember 2021

Vi veit at tilleggstenestene er viktige for mange butikkar. Ein ny rapport slår fast at også kommunen og lokalsamfunnet tener på at nærbutikken har tilleggstenester.

Kaffikrok, tipping, apotekutsal, varelevering, skyssordningar, drivstoffutsal, pauserom for heimetenestene. Lista over tilleggstenester i norske bygdebutikkar er mykje lengre. Frå før veit vi at tilleggstenestene er viktige for økonomien til mange butikkar, spesielt dei små. I ein rapport Oxford Research har laga for Distriktssenteret, kjem det fram at fleire tek del i vinsten av slike tenester.

Kaffikrok gir folkehelse

Nærbutikken er ein sosial møteplass. Mange butikkar gjer ein stor innsats for å styrke denne møteplassen. Tilrettelegging av kaffikroken, skyssordningar, pub og kulturtilstellingar er med på å skape fellesskap og trivsel i bygda. Det er igjen med på å styrke folk sitt ønskje om å bli buande, noko som ikkje berre tener butikken, men heile lokalsamfunnet.

– Sosiale møteplassar er viktige for at kommunen skal nå folkehelsemåla sine, seier avdelingsdirektør Steinar Fredheim i Distriktssenteret. – Mange engasjerte kjøpmenn legg til rette for at eldre og einslege har det trygt heime. Kombinert med varelevering og skyssordningar er mange butikkar eit viktig bidrag til at eldre kan bu trygt heime og ikkje måtte flytte på institusjon. Det gir potensielt store innsparingar for kommunen.

Bra for næringslivet

Rapporten tek også for seg andre positive effektar av tilleggstenestene. Resten av det lokale næringslivet nyt godt av å ha ein nærbutikk med riktige tilleggstenester.

Sel butikken drivstoff, vil dette vere spare tid for dei næringsdrivande. Post i butikk og andre pakkeutleveringstenester bidreg også til at næringsdrivande slepp å bruke tid på å køyre andre stader for å hente varer dei får tilsendt. Turistinformasjon gir trafikk til lokale reiselivsbedrifter, og andre kan ha nytte av butikken som salsstad for sine produkt.

Formalisert samarbeid er nyttig

– Vi veit at ein del butikkar tilbyr tenester som dei ikkje tek betalt for, seier Fredheim. Han meiner det kan vere lurt å tenkje annleis. – Spesielt når ein tilbyr tenester som hjelp til med å nå kommunale mål eller gje kommunale innsparingar, kan det vere nyttig å formalisere samarbeidet.

Mange tilleggstenester er aktuelle for samarbeid med kommunen. Distriktssenteret argumenterer med at når kommunale tenester blir flytta ut i butikken, blir lokalsamfunnet si berekraft på lang sikt auka. I denne nettartikkelen finn du fleire argument og innspel som er nyttige å ta med til dialogen med kommunen.

Merkur-programmet har fleire stader lagt til rette for at kommunen og nærbutikken inngår samarbeidsavtalar der dei  formaliserer samarbeidet om tilleggstenester. God dialog mellom nærbutikken og kommunen, gjerne saman med Merkur-konsulenten, gir stor sjanse for at det dukkar opp både behov og løysingar som ein ikkje har tenkt på før.

LES MEIR: Lokal utvikling gjennom samarbeid med nærbutikken