Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Kroken på døra utan tilleggstenester
Person arbeider i butikk
VIKTIG: Sal av daglegvarer er den største inntekta for dei fleste Merkur-butikkar, men som for Gunvor i Nord-Torpa er tilleggstenestene ein heilt sentral del av drifta.

Kroken på døra utan tilleggstenester

23. november 2020

Små nærbutikkar kan ikkje overleve berre ved å selje mjølk og brød. Dei minste butikkane er heilt avhengige av tilleggstenester utover sal av daglegvarer, går det fram av ein ny rapport om økonomien til bygdebutikkane.

– Vi er ein sosial institusjon som tek vare på folk her i bygda.

Gunvor Ulsaker set fram ei kanne kaffi i kafékroken. Nørstelien Landhandleri ligg i Nord-Torpa i Nordre Land kommune, ei bygd med kring femti husstandar.

Den vesle butikken er ganske lik dei hundrevis av Merkur-butikkane som ligg i kvar krik og krok kringom. I eit hjørne kan ein finne jernvarer, fiskeutstyr, gummistøvlar og borneleikar. Du kan levere tippekupongen, sende ein pakke, hente ut medisinar og mykje meir.

For nett desse tilleggstenestene er utrulig viktige. Ein ny analyse frå Institutt for bransjeanalyser (IBA) om rekneskapet til Merkur-butikkar syner at desse tenestene er heilt avgjerande for drifta til dei minste butikkane.

“For Merkurbutikkane med omsetnad under fem millionar, ville eit bortfall av slike inntekter verte kroken på døra for dei fleste butikkar.”

— Institutt for bransjeanalyser (IBA)

Livsviktig for dei små

Det å ha ei bensinpumpe, kafé eller eit turistanlegg saman med butikken betyr spesielt mykje for dei minste butikkane.

For Merkurbutikkar med omsetnad på under fem millionar, utgjer andre inntekter enn varesal nesten ein femdel av alle inntektene.

I snitt utgjer inntekter frå tilleggstenestene 8,6 prosent av dei samla inntektene. Dette talet har stige dei siste åra for Merkurbutikkar. Samstundes har det sokke for andre bygdebutikkar, og ligg i same periode på 6,5 prosent.

tabell over inntekter
TILLEGGSINNTEKTER: Tal frå 2018, henta frå Institutt for bransjeanalyser sin rapport “Bygdebutikkenes økonomi 2018”.

– For oss har nok puben hatt mest å seie for botnlinja, seier Ulsaker. 

Ja, puben. For Nørstelien har ikkje berre kafékrok og tipping, dei har også ein pub i kjellaren med ambulerande skjenkeløyve. Her kan dei i normale tider ta imot kring 175 gjestar og kjøpar nokre av varene frå butikken.

publokale
PUBEN: Nørsteli-kjellern ser mest trafikk under hundeløpet Mush Synnfjell og feriar som påske og jul. Det er turistar og hyttefolket som held puben open fem-seks gongar i året.

Entreprenørielle tenester

For det er nett desse ekstra tilboda, som ein pub, ein kafé eller eit turistanlegg, som verkeleg kan spele ei stor rolle i ein liten butikk sin økonomi.

Ein rapport frå Møreforsking om nettopp tilleggstenester i Merkur-butikkar synte at entreprenørielle tenester bidreg spesielt mykje til vekst i omsetnad. Dette er tenester som som fordrar oppstarten av ei ny verksemd, investeringar i lokalitetar utanfor butikken og både rettar seg mot fastbuande og hyttefolket.

Desse entreprenørielle tenestene har dei minste Merkur-butikkane, som Nørstelien Landhandleri, fleire av enn dei største butikkane.

Tabellen under syner prosentvis fordeling av ulike tilleggstenester i Merkurbutikkar. Som ein kan sjå er det svært mange av dei større butikkane som har Post i butikk, men få som har kafé eller pub.

Omsetjing under 5 mill 5 – 10 mill 10 – 15 mill Over 15 mill Totalt
Post i butikk 28,4 39,0 62,9 73,7 47,0
Drivstoff 38,6 47,2 47,1 52,6 45,9
Marina 15,9 10,6 14,3 10,5 12,7
Kafé / pub 25,0 21,1 22,9 15,8 21,6
Turistanlegg 18,2 7,3 11,4 22,8 13,6
Båtekspedisjon 5,7 7,3 0,0 1,8 4,4

Meir enn butikk

Ulsaker er no tredje generasjon som driv butikken i Nørstelien. Butikken er blitt eit samlingspunkt i den vesle bygda på kring hundre innbyggarar. Dei sel ved frå nabogarden, strikk frå nokre eldre damer i bygda, køyrer ut varer og har gass til hyttefolket. Dei hjelp dei som ikkje har datamaskin heime til å skanne og kopiere brev frå kommunen og har hatt utstilling av bileta til ein lokal hobbyfotograf.

– Det vi ikkje har, det kan vi skaffe. Her om dagen skaffa eg fersk rakfisk til ei dame fordi eg skulle gjennom Gjøvik, seier Ulsaker.

bokhylle
BØKER: Det er langt til næraste bokhandel eller bibliotek, men Nørstelien har eit lite utval om det skulle knipe på påskekrimmen.

Kvar fredag kveld vert den vesle kafekroken også samlingspunkt for dei Ulsaker kallar “gubbane i bygda”. Då samlast dei for å skrape lodd og drikke kaffi.

– Dei vert nok litt skuffa no då vi ikkje kan ha kafekroken ope, seier butikkeigaren.

Ein av dei dei fastbuande i bygda som har stor glede av Nørstelien er pensjonist Ole Magnus Røstelien.

– Nærbutikken er ein koseleg og viktig del av bygda. Her blir vi møtt med eit smil kvar gong.

Røstelien er ein av dei som ofte kjem på butikken for å ta ein kopp kaffi heller enn fordi han manglar noko.

– Eg stikk ofte innom utan at eg eigentleg tenkte handle, seier Røstelien.

mann som handlar i butikk
POSTEN: Som so mange andre småbutikkar har Nørstelien både tipping, post og apotekvarer bak disken.

Tekst og foto: Josef Benoni Ness Tveit