Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Kommunen kjøper tenester på nærbutikkane
Flyfoto med sjø og kaianlegg
BAKKASUND: No blir det kommunale tenester på butikken i Bakkasund og i tre andre lokalsamfunn i Austevoll.

Kommunen kjøper tenester på nærbutikkane

4. mai 2021

Austevoll kommune i Vestland vil etablere kommunale informasjon- og servicepunkt på fire nærbutikkar som deltar i Merkur-programmet. Butikkane skal tilby turistinformasjon, kommunal informasjon, gjeste-pc og ein kaffikrok som også fungerer som venterom for reisande.  

Kommunestyret har samrøystes vedtatt at Austevoll skal betale vel 50.000 kr årleg til butikkar som tilbyr informasjon og service i samarbeid med kommunen, til fastbuande og tilreisande.

Austevoll-avtalen vil gjelde for fire distriktsbutikkar: Joker Bakkasund, Joker Stolmen, Møkster Butikk og Kalsøy Landhandel.

Det er ikkje aktuelt å gjere avtale med butikkar i dei to kommunesentera. Men det kan vere aktuelt å utvide ordninga dersom andre distriktsbutikkar kan innfri kriteria som gjeld for dei fire Merkur-butikkane.

Nøkkelrolle i samfunnet

Avtalane har kome på plass etter fleire rundar med idémyldring der kommunen, butikkane og Merkur har drøfta grunnlaget for eit tettare samarbeid mellom kommune og butikk, etter inspirasjon frå pilotprosjektet «Kommunen og nærbutikken» i Sogn og Fjordane.

Austevoll kommune meiner at nærbutikkane spelar ei nøkkelrolle i samfunnet. Dei har uformelle tilleggstenester overfor både faste kundar og fastbuande og folk som besøker bygda eller øya.

– Det har stor verdi for heile Austevoll at nærbutikken består og at den har gode driftsvilkår. Kommunen kan bidra til betre vilkår blant anna ved å utvikle og formalisere nærbutikkanes funksjonar på vegne av kommunen, seier rådmannen i si tilråding til politikarane.

Informasjons-punkt

Butikkane skal etablere eit kommunale informasjonspunkt, med storskjerm, brosjyremateriell, tilgang på nett og datamaskin. Kommunen skal kunne gi same informasjon på butikken som på det kommunale servicekontoret. Butikken skal også vere ein stad der turistar kan få god informasjon. Kommunen betaler for teknisk utstyr. Butikken får betaling for rettleiing og turistinformasjon.

Fleire stader er det behov for venteskur for folk som reiser med båt eller buss. Men i staden for å bygge eige venterom, har kommunen og butikkane blitt samde om at butikkane sin kaffikrok kan fungere som venterom.

Det har vore diskusjon om avtalen også skulle omfatte gjestetoalett, innlevering av boss og kommunale innkjøp. Kommunen ønskjer å sjå på kommunale innkjøp som ei eiga sak.

Då kommunestyret drøfta samarbeidsavtalane, kom det opp spørsmål om overgang til digital butikk med sjølvbetjente løysingar utanom ordinær opningstid.  Fleire av politikarane ville oppmode butikkane om å vurdere fleksible opningstider med ny teknologi og gav signal om at kommunen burde bidra økonomisk for å få dette til.

Her er samarbeidsavtalen

Slik vil Austevoll kommune betale for kommunale tenester i butikk:

  • Informasjonstavle (skjerm) på veggen: 6.000 kr
  • Turist- og kommuneinformasjon: 18.000 kr
  • Gjeste-pc, nettverk, digital rettleiing: 12.000 kr
  • Kaffikrok med funksjon som venterom: 18.000 kr

Maksimalt tilskot pr. butikk: 54.000 kr pr. år

Avtalen skal gjelde for 4 år