Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Seks kommunar har fått serviceavtale med nærbutikkar
Tre personer utenfor butikk med handleposer.
SERVICEPUNKT: Joker-butikken på Kvammen i Askvoll har blitt kommunalt servicepunkt. Foto: David Zadig

Seks kommunar har fått serviceavtale med nærbutikkar

3. mars 2020

Seks kommunar i Sogn og Fjordane har oppretta serviceavtalar med lokale butikkar. 12 nærbutikkar har fått status som kommunale servicepunkt og skal fungere som kommunens forlenga arm i lokalsamfunnet. Dette er dei viktigaste resultatet av Merkurs pilotprosjekt «Kommunen og nærbutikken».

Kommunane Flora, Askvoll, Fjaler, Stryn, Aurland og Lærdal tilbyr i dag kommunale tenester på ein eller fleire nærbutikkar.

Butikkane får opptil 50.000 kr årleg for å tilby ei rekkje tenester til innbyggarane i lokalsamfunnet, i samarbeid med kommunen. Butikkane skal mellom anna ha sosial møteplass, turistinformasjon, kommunal informasjon, tilby varelevering til eldre, samarbeide med heimesjukepleie, arrangere helsefremjande aktivitetar, tilby gratis nett/pc og drive integreringsarbeid.

Nokre av desse tenestene har butikkane hatt også før det vart oppretta kommunal serviceavtale. Forskjellen er at det som tidlegare var eit uformelt tilbod, no har blitt eit forpliktande samarbeid.

Nasjonalt prosjekt

«Kommunen og nærbutikken» vart starta av Merkur-programmet i 2017 som eit nasjonalt prosjekt i samarbeid med Distriktssenteret og KS. Målsettinga med prosjektet var å få til tettare samarbeid mellom distriktskommunar og lokalbutikkar, til beste for både kommunen og lokalsamfunnet.

Noko av bakgrunnen for prosjektet var eit ønskje om å legge til rette for at eldre kan få bu lenger heime før flytting til omsorgsbustad eller andre typar institusjonar. Dersom kommunane lukkast med dette, vil dei kunne spare pengar på helse- og sosialtenester.

Det var også ei viktig målsetting å tilføre fleire tilleggstenester til små butikkar, slik at dei får styrkt det økonomiske grunnlaget for vidare drift. Fleire tenester vil også gi betre service for folk på bygda.

Gir nytteverdi

Etablering av kommunale servicepunkt er ikkje noko lovpålagt teneste. Når kommuneøkonomien er vanskeleg, kan det vere utfordrande å få på plass nye tenestetilbod. Merkur-konsulent Ronny Mowatt som har leia prosjektet, har derfor fokusert på kva nytteverdi det gir kommunen å få etablert kommunale tenester i butikk.

Han oppsummerer nytteverdien for kommunane på denne måten:

  • Førebygge einsemd
  • Eldre og andre brukarar kan bu lenger heime
  • Aktivitet stimulerer til meir aktive eldre og dermed til folkehelsa
  • Butikken skaper bulyst og trivsel og stimulerer dermed busetnad og inntekter for kommunen
  • Butikken er viktig for andre som driv næring i butikken sitt nedslagsfelt
mann utanfor butikk

KOMMUNAL AVTALE: Ordførar Sven Flo har fått opp kommunal skilting på Coop Marked Fjelli i Stryn kommune.

Gode resultat

Forskingsinstituttet NORCE som har gått gjennom og vurdert prosjektet på oppdrag frå Distriktssenteret, konkluderer med at Merkur i all hovudsak har oppnådd måla med «Kommunen og nærbutikken»:

  • Nærbutikken har styrket sin posisjon som lokalt servissenter gjennom at flere og nye typer tjenester er lagt til butikken og ved at eksisterende tjenestetilbud er styrket.
  • Butikken som sosial arena styrket. Det er skjedd gjennom oppgradering av kaffekrok og ved at flere aktiviteter er lagt til kaffekroken eller tilleggende lokaler. Disse aktivitetene er gjerne kommet i stand som samarbeid mellom butikk og lokale ildsjeler og lag.
  • Pilotprosjektet har stimulert til lokalt utviklingsarbeid ved at butikkene har fått en entreprenøriell rolle i lokale nettverk. Lokalt utviklingsarbeid er styrket ved at butikken er blitt en tydeligere aktør både i nærmiljøet og for kommunen.
  • Målet om å etablere avtaler mellom butikk og kommune er oppnådd i seks av sju kommuner og for 12 av 14 butikker.

Tettare på kommunane

Kommuneprosjektet i Sogn og Fjordane vart avslutta ved utgangen av 2019, men avtalane gjeld også for 2020. Nye Kinn kommune som Flora kommune vart ein del av i 2020, , har gitt signal om dei ønskjer å vidareføre serviceavtalane med sine nærbutikkar.

Pilotprosjektet har gitt Merkur og Distriktssenteret verdifull kunnskap om kva som kan fremje og kva som kan hemme eit tettare samarbeid mellom butikken, lokalsamfunnet og kommunen. Butikkane er klare til å ta sin del av jobben dersom kommunane opnar opp for å inkludere bygdebutikkane i sine planar.

Erfaringane frå kommuneprosjektet vil no bli nytta til å forsterke innsatsen mot kommunane i alle delar av landet. Dette er ei direkte oppfølging av oppdraget frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet som seier at Merkur skal styrke dialogen med kommunane.

LES MEIR:

Merkur: «Kommunen og nærbutikken». Sluttrapport