Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Her er det dialog mellom kommune og butikk
Mange personer samla rundrt eit bord. Foto.
DIALOG: Kommunesjefar og lokale kjøpmenn samla rundt same bord i Askvoll.

Her er det dialog mellom kommune og butikk

14. mai 2019

Kommune og nærbutikk har mykje å tene på eit tettare samarbeid. Askvoll kommune inviterte alle nærbutikkane til dialogmøte, der dei fekk møte ordførar, rådmann og fleire sentrale etatssjefar. – Eit konstruktivt og nyttig møte, seier Merkur-konsulent Ronny Mowatt.

Møtet på Askvoll rådhus viste at lokalbutikkane og kommunen har mange saker av felles interesse, ikkje minst når det gjeld utvikling av betre tenester for innbyggjarane i alle deler av kystkommunen.

To av butikkane i Askvoll deltar i pilotprosjektet «Kommunen og nærbutikken» der Merkur-programmet prøver ut kva slags kommunale tenester som kan leggjast til lokale butikkar. Men på dialogmøtet var alle dei fem Merkur-butikkane i kommunen invitert.

– Vi ønskte å skape ein arena der vi på fritt grunnlag kan sjå kva slags oppgåver kommunen og butikkane kan samarbeide om, seier Merkur-konsulent Ronny Mowatt.

Vil samarbeide

Her er noko av det kommunen og butikkane vart einige om å jobbe vidare med:

  • Bibliotek i butikk:
    Kommunen ønskjer å prøve ut ei ordning med bok-depot i ein av nærbutikkane.

  • Infoskjerm:
    Kommunen vurderer å prøve ut infoskjermar i alle nærbutikkar, med både nyheiter, kommunal informasjon og turistinformasjon.

  • Serviceskyss:
    Kommunen har gode erfaringar med serviceskyss, der eldre får organisert transport til butikken ein gong for veka for innkjøp og sosialt fellesskap.

  • Eldreomsorg:
    Butikkane fungerer i praksis som eit uformelt sikkerheitsnett for heimebuande eldre. Kommunen set pris på at det blir tatt kontakt med heimesjukepleie eller lege dersom det er behov for tettare oppfølging av helse- og omsorgstenesta.

  • Offentlege innkjøp:
    Kommunen deltar i interkommunal innkjøpsavtale. Men kommunen har valt å ta småinnkjøp ut av avtalen, slik at lokalbutikkane kan få levere til grendaskular og barnehagar.

  • Kommuneplan:
    Kommunen seier ingenting om nærbutikkane si rolle i gjeldande kommuneplan. Men butikkane vil få sin rettmessige plass i kommunens nye næringsplan

Erfaringane med dialogmøtet i Askvoll var så gode at det kan vere aktuelt med eit årleg kontaktmøte mellom kommunen og nærbutikkane.

På same lag

Mange distriktskommunar ser nytten av nærbutikkar og er opptatt av å spele på lag med butikkane for å utvikle lokalsamfunna. Eit tettare samarbeid mellom kommune og nærbutikk kan vere ein vinn-vinn situasjon for begge partar.

Her er tre ting kommunen kan gjere for å styrke samarbeidet med nærbutikken

  1. Inviter nærbutikkane til eit møte for å drøfte korleis kommune og butikk kan samarbeide til beste for innbyggarane.

  2. Ta nærbutikken med i arbeidet med kommuneplan, tettstadutvikling og næringsutvikling.

  3. Utnytt kommunens handlingsrom til å legge til rette for at lokale butikkar og andre mindre verksemder får høve til å delta i anbodskonkurransar.

LES: Slik kan kommunen og nærbutikken samarbeide