Kommunen kjøper service på nærbutikken

Fem nærbutikkar har fått avtale med Flora kommune om å ytre ekstra service og prøve ut kommunale tenester i butikken. Kommunen betaler 50.000 kr årleg for at lokalbutikken skal fungere som «kommunalt servicepunkt» for innbyggjarane.

Hans-Jacob Sunde i butikk.jpg

SERVICEPUNKT: Butikken til Hans-Jacob Sunde i Rognaldsvåg får no status som kommunalt servicepunkt.

To nærbutikkar i Askvoll kommune har fått tilsvarande avtale om å fungere som kommunens forlenga arm i lokalsamfunnet.

LES: Nærbutikkar i pilotprosjekt - blir bygdas servicesentral (Firda 3.mai 2019)

Alle butikkane deltar Merkur og Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt pilotprosjekt «Kommunen og nærbutikken», der det er ei målsetting å få utvikle betre tenester for folk som bur utanom kommunesentera.

Til saman sju kommunar og 14 nærbutikkar i Sogn og Fjordane deltar i det nasjonale prosjektet for å utvikle butikken som lokalt servicesenter. Prosjektet blir gjennomført av Merkur-programmet i samarbeid med Distriktssenteret og KS og blir leia av Merkur-konsulent Ronny Mowatt.

Kommunane Flora, Askvoll, Fjaler, Stryn, Luster, Aurland og Lærdal er handplukka til å vere med på prosjektet, saman med 1-5 nærbutikkar frå kvar kommune.

Praktisk hjelp

Bystyret i Flora har løyvd til saman 250.000 kr i budsjettet for 2018 til utvikling av betre tenester for folket som bur på Svanøy, Askrova, Fanøy, Rognaldsvåg og Stavang.

I avtalen mellom kommunen og nærbutikkane ligg det at nærbutikken skal vere bygdas sosiale møteplass. Butikken skal tilby trådlaust internett, kaffikrok, og ein berbar PC som brukarane kan låne. Dei som jobbar i butikken skal kunne tilby hjelp til å finne fram og gjere bruk av offentlege tenester på internett. Butikken skal også tilby hjelp til tekniske ting, som til dømes mobiltelefonar, nettbrett, pc og DAB-radioar.

Kundane skal og få hjelp med nettbank, post, og å fylle ut søknadar og andre skjema på internett. Postbodet skal kunne ta med seg pakkar for utlevering frå butikken.

Kaffikroken skal ha kundetoalett, og butikken skal ta på seg å lage til sosiale arrangement når det passar med hendingar i bygda og kapasiteten i butikken. Dei skal også halde ein oversikt over behovet for å hente pensjonistar og andre brukarar til butikken for handling og sosialt samvær i kaffikroken. Gjerne til eit enkelt måltid med varm mat.

Bygdas vertskap

Butikken skal elles informere bygda om viktige hendingar, gjennom oppslag og sosiale media, og ha viktig informasjon tilgjengeleg for bygda. For turistane skal dei ta på seg vertskapsrolla og vere eit turistkontor i miniatyr der dei informerer om lokale tilbod, tilbyr brosjyrar og hjelp slik at turistane får eit best mogleg utbyte av besøket, og blir verande lenger i området.

Når det gjeld beredskap, får også butikken ein viktig rolle. Kommunen skal sørge for at butikkane får nødaggregat slik at butikken kan fungere som ein enkel operasjonssentral for innbyggarane i tilfelle katastrofar. Hjartestartar skal utplasserast og vere tilgjengeleg heile døgnet på, eller i nærleiken av butikken. Personalet skal ha opplæring i korleis den skal brukast.

Det er også tenkt at butikken skal ha eit nært samarbeid med kommunens heimetenester. Det skal opprettast medisindepot der butikkane kan utlevere medisinar etter bestemte reglar på vegner av heimesjukepleia. Butikken skal ha utkøyring av varer til kundane minst ein gang i veka, og i den samanhengen skal dei også ha eit lite tilsyn med dei eldre, samtidig som dei kan hjelpe med skifte av lyspærer og anna førefallande oppgåver som fell naturleg. Dei skal etablere ein enkel for frivilligsentral, og ha eit oppsyn med gjestehamn der det er naturleg.

«Eit flott prosjekt»

Varaordførar Jan Henrik Nygård (V) i Flora håper at nærbutikk-prosjektet kan vere starten på eit langt og fruktbart samarbeid mellom kommunane og butikkane i distrikta.

- Dette er eit flott prosjekt. Det er viktig å halde på nærbutikken. Den er viktig for å hindre at folk flyttar frå bygda, og skal vi være i forkant for å auke tilflyttinga til meir avsidesliggande strøk er butikken viktig. Det blir fleir og fleir fleksible arbeidsplassar som gjer at ein kan bu nesten kor som helst. Ein kan bu i øyane og jobbe i departementet, ein må ikkje vere på ein fast plass kvar dag, men om vi mister butikken mister vi den moglegheita, seier han til Firdaposten.

Jan Henrik Nygård ser føre seg at det kan flyttast fleire oppgåver ut til nærbutikkane om ein ser at dette pilotprosjektet fungerer slik det skal.

– Vi må sjå på dei kommunale oppgåvene og kva som kan flyttast ut til nærbutikkane. Jo meir vi kan flytte ut nærmare folket, jo meir lettar vi arbeidet til administrasjonen. Den innsparinga kan komme både kommunen og nærbutikkane til gode, seier Jan Henrik Nygård.

LES MEIR:

Merkur-prosjektet «Kommunen og nærbutikken»

Svenske kommunar betalar for butikkservice