Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  – Tilsett folk som elskar å lese bøker
Perosn i bokhandel. Foto.
FAGHANDEL: - Vi skal vere den beste fagbutikken på bøker på Jæren, seier bokhandlar Margrethe Orre i Bryne.

– Tilsett folk som elskar å lese bøker

21. februar 2014

– La dei beste seljarane vere på jobb når det er flest kundar i bokhandelen. Tilsett folk som elskar å lese bøker. Gi kunden ei god oppleving når han kjem inn i butikken.

Dagleg leiar Margrethe Orre ved Norli Bryne har klare meiningar om korleis du skal drive ein bokhandel. Og ho har vist at hardt arbeid og ein gjennomtenkt filosofi kan gi gode resultat. I løpet av tre år har omsetnaden ved Norli Bryne blitt fleirdobla.

Bokhandlaren frå Jæren blir brukt som ressursperson av Merkur-programmet i arbeidet med utvikle andre bokhandlar på Sørvestlandet. Mange slit med fallande omsetnad. Men dei som er villige til å tenkje nytt og satsar på å forbetre drifta, greier seg betre.

Bok-glade seljarar

Margrethe Orre dreiv sin eigen bokhandel i handlegata på Bryne i fleire år, før ho vart tilsett som butikksjef for Norli-butikken i kjøpesenteret M44. På den tid var det fire bokhandlar i Jærbyen med 8000 innbyggjarar. I dag konkurrerer Norli med Notabene i same kjøpesenter og med Bok & Media i gågata. I tillegg har dei fått konkurranse frå Obs og Posten, som begge sel bøker. Norske og utanlandske nettbutikkar har også blitt viktige konkurrentar.

Orre er opptatt av å ha eit personale som både er gode seljarar og som elskar å lese bøker. Når du sjølv er glad i bøker og har lest mange, så er det lettare å selje bøkene til andre. Ein av dei tilsette les opptil 5-6 bøker for veka.

– Mange bokhandlar satsar på skulelevar eller studentar på kveldane og i helga, for at det faste personalet skal få fri. Eg vil at dei beste seljarane skal vere på jobb når det er mest folk i butikken. 48 prosent av salet vårt skjer etter klokka 14 på fredag eller i løpet av laurdag. Folk er meir glade i helga. Pengane sit lausare, slik at det er lettare å få til meirsal, reflekterer Margrethe Orre.

Bøker er viktigast

Bokhandlaren på Bryne er opptatt av at det heile tida skal skje noko i bokhandelen. Det kan vere  forfattarbesøk eller det kan vere nye utstillingar. Ho har også funne plass til ein kaffikrok der kundane kan setje seg ned.

– Vi skal bekrefte kundane. Vi skal gi dei ei god kjensle når det går ut av butikken etter å ha kjøpt ei bok eller to. Bøker er det viktigaste produktet for ein bokhandel. Vi skal vere den beste fagbutikken på bøker på Jæren. Men vi kan gjerne selje andre produkt i tillegg til bøkene, seier ho.

Margrethe Orre har eit sterkt fokus på sal. Kvar veke får dei tilsette utlevert ein plan som viser salet i tilsvarande veke året før. Målet er å auke omsetnaden. Ho har også ei dagleg sjekkliste for korleis butikken ser ut, når det gjeld orden og utstilling.

Margrethe Orre m gjester.jpg
KUNDE-FOKUS: – Gi kundane ei god kjensle når dei går ut av butikken, sa Margrethe Orre då ho hadde besøk av Merkur-bokhandlar frå Sørvestlandet.

Private spelekveldar

Dei tilsette er den viktigaste ressursen i ein bokhandel. Derfor er det viktig at dei trivast i jobben og yter sitt beste.

– Vi prøver å skryte av kvarandre og ha det kjekt på jobben. Eg ønskjer at vi skal gjere kvarandre gode, seier ho.

Orre inviterer dei andre tilsette heim til seg når dei skal ha personalmøte. Nokre av møta fungerer som spelekveld, der dei prøver ut opptil tre nye brettspel. Slik blir dei kjent med nye spel og kan rettleie kundar som er nysgjerrige på nye produkt.

Ingen «byttebutikk»

Norli Bryne er opptatt av god service og lagar gjerne fine innpakningar når kundane kjøper bøker som gåver. Alle bøker som blir selt i bokhandelen, blir utstyrt med byttelapp. Men dei tek ikkje i retur bøker som manglar byttelapp. Dette for å halde kontroll med at bøkene verkeleg er kjøpt hos dei og ikkje heilt andre stader. Det skal ikkje vere slik at du kan kjøpe billig i daglegvare-butikkar eller andre kjeder – og så kome til Norli for å bytte til ein høgre pris.

– Det kan vere litt surt å seie nei når kunden står der med fire bøker han ønskjer å bytte. Men vi har ingen plikt til å ta inn bøker som er kjøpt heilt andre stader. Kundane forstår dette når vi forklarar det. Vårt standpunkt gjer at vi blir oppfatta som seriøse, sluttar Margrethe Orre.