Arrangement nærbutikk

Merkur-programmet  ›  For nærbutikk  ›  Arrangement nærbutikk
For nærbutikk

Vil du delta på arrangement?

Butikkane som deltar i Merkur-programmet, får tilbod om regionale konferansar med fagleg og aktuelt program. Konferansane samlar kjøpmenn på tvers av kjedene.

Konferansane er ei oppfølging av Merkur utvikling, der kjøpmennene får inspirasjon og påfyll av ny kunnskap. Konferansane er også eit høve til å møte andre kjøpmenn frå same distrikt og byggje nettverk.

Merkur-konferansane er opne for representantar for kommunane og andre som er opptatt av bygdeutvikling og butikkutvikling. Butikk-kjedene blir invitert til konferansane.

Konferansane blir arrangert av den regionale Merkur-konsulenten. Dei fleste stader blir det arrangert årlege konferansar, over to dagar.