Handle lokalt bok

Merkur-programmet  ›  For bokhandel  ›  Handle lokalt bok

Kampanje for lokal bokhandel

Bli med på den nasjonale kampanjen for lokal handel som Merkur-programmet gjennomfører kvart år, under slagordet “Handle lokalt”. I 2025 er Handle lokalt-dagen 18. oktober, men det er opp til butikken å avgjere når det passar best å gjennomføre den lokalt.

Et utvalg av brosjyrer og et barn som sitter på en haug med bøker
Bokhandelen får tilpassa materiell. Bokmerker og plakat blir sendt til dei som melder seg på, anna kan lastast ned for utskrift eller digital bruk.

Kampanjen fokuserer på kor viktig bokhandelen som kulturformidlar og som salsstad for bøker. Målet er å redusere handels-lekkasjen og stimulere til meir lokal handel.

Gjennom denne kampanjen kan du både takke trufaste kundar for at dei sluttar opp om bokhandelen – og utfordre dei som handlar lite lokalt, til å tenkje over kva bokhandelen betyr for bygda eller småbyen. Lokal handel er ei investering i eit levande lokalsamfunn. Materiellet er i stor grad det same som det nærbutikkane brukar i same kampanjen.

Bokhandlane markerer dagen på ulike måtar. Merkur-programmet oppfordrar til samarbeid med lokale lag og organisasjonar, for å få til ei god markering av dagen.

Bli med - få gratis kampanjemateriell

Butikkar som deltar, får materiell tilsendt gratis. Merkur tilbyr plakatar og bokmerke. Fristen for å melde seg på og få fysisk materiell er 1. oktober. Du kan også laste ned digitalt materiell, til bruk på sosiale media eller til utskrift.

Gode grunnar for å handle lokalt
Den lokale butikken er ikkje berre ein stad å handle. Den tek vare på folk og er ei drivkraft for gode lokalsamfunn. Kvifor skal vi handle lokalt?

Merkur-programmet jobbar for å utvikle bokhandlar i distrikta slik at dei kan gi eit best mogleg tilbod til kundane sine. Men det er like viktig at folk som bur i bygdesenteret eller småbyen, brukar bokhandelen sin i størst mogleg grad. Slik kan kundane halde oppe levande lokalsamfunn, som kan vere attraktive både for dei som bur der i dag og dei som vurderer å etablere seg der.