Arrangement bokhandel

Merkur-programmet  ›  For bokhandel  ›  Arrangement bokhandel
For bokhandel

Vil du delta på arrangement?

Butikkane som deltar i Merkur-programmet, får tilbod om webinar og/eller regionale konferansar med fagleg og aktuelt program. Arrangementa samlar kjøpmenn på tvers av kjedene.

Arrangementa er ei oppfølging av Merkur utvikling, der kjøpmennene får inspirasjon og påfyll av ny kunnskap. Webinar og konferansar er også eit høve til å møte andre kjøpmenn og byggje nettverk.

Merkurs webinar er opne for alle Merkur-bokhandlar og tilbyr fagleg input om aktuelle tema. Arrangementet varer ein times tid og blir gjerne lagt til morgonen, slik at du kan delta før opningstid i bokhandelen.

Webinar blir gjennomført som eit samarbeid mellom Merkur-konsulentane og Distriktssenteret.

I 2022 blir det arrangert landskonferanse i Trondheim 19.-20.oktober, både for nærbutikk og bokhandel